– Våre tankar går til dei råka og dei som kjenner på saknet etter å ha mista det kjæraste dei har, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.
I 2021 registrerte Sjøfartsdirektoratet (ekstern lenke) 26 omkomne ved bruk av fritidsbåt.
Det er seks fleire enn i 2020, men likevel nær snittet for dei siste fem åra.
Dei aller fleste av dei omkomne var menn med ein snittalder på 59 år. 19 av dei 26 brukte ikkje flyteutstyr.
Sju av dei som mista livet var ute og fiska. Fleire fall i sjøen då dei sette eller trekte teiner og garn.
– Sjøen kan vere farleg, sjølv for rutinerte, seier Hareide.



SAR Queen er helikoptera som nyttast i mange redningsaksjonar i Noreg.
Få brukte flyteutstyr
Éin av dei som døydde med redningsvest på, hadde ikkje festa den skikkeleg.
Det betyr at berre seks av dei omkomne brukte flyteutstyr riktig.
– Vi kan nok få tala endå meir ned om vi brukar redningsvest. Andre grep er å ta med seg kommunikasjonsutstyr, slik at vi kan få kontakt med land. Vi vil at folk skal bruke sjøen, men vi må vere bevisste på at den kan vere farleg, seier Hareide.
Knut Arild Hareide er sjøfartsdirektør.
Foto: Gisle Jørgensen / NRK- Les også:
Færre døde enn tidlegare år
Trass i at fleire døydde i fjor, går trenden nedover.
I snitt har 31 personar mista livet då dei var ute med fritidsbåten sidan 2001, då Sjøfartsdirektoratet tok til med å registrere ulukkene. Dei fleste dødsulukker skjer i sommarmånadane.
Hovudredningssentralen (ekstern lenke) var involvert i 24 episodar med kantring eller slagside i 2021. Det er like mange som året før og eit par fleire enn tidlegare år.
Dei registrerte i 2021 færre sakna fritidsbåtar, lekkasjar i mindre fartøy og grunnstøytingar enn tidlegare år.
So medan fleire piler peiker i riktig retning, meiner sjøfartsdirektøren at ein framleis har ein jobb å gjere – spesielt med tanke på dødsulukkene.
– Det viktigaste for oss er å ha ein nullvisjon i arbeidet med dette, seier Hareide.