NRK Meny
Normal

«Livet går ut på å prøva å ikkje få ho sint»

Til no har Krisesenteret i Stavanger tatt i mot 25 menn som har blitt utsett for vald. Det er nesten like mange som i heile fjor. «Tom» takkar senteret for å ha fått tilbake livsgleda.

Menn på krisesentre

FLEIRE MENN: Fleire menn nyttar seg av Krisesenteret i Stavanger.(illustrasjonsbilete)

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Fordi du pustar og hjartet ditt slår, så betyr ikkje det at du lever. Du eksisterer berre. Livet går eigentleg ut på å prøva å ikkje få ho sint.

«Tom» er ein av mange som har fått hjelp på Krisesenteret i Stavanger, senteret i Noreg som no gir flest menn hjelp. Til no i år har 25 menn fått hjelp, nesten like mange som i heile fjor. Dei tek i mot menn frå 18 av kommunane i Rogaland.

– Meir tabu med menn

Kona til «Tom» dreiv med psykisk og fysisk vald.

– Du er mann. Det å innrømma ovanfor deg sjølv at det eigentleg er vald og at dette er eit overgrep mot deg, det strider mot både deg sjølv og dei rundt deg, seier han.

Fordi du pustar og hjartet ditt slår, så betyr ikkje det at du lever. Du eksisterer berre. Livet går eigentleg ut på å prøva å ikkje få ho sint.

«Tom»
Monica Velde Viste, daglig leder ved Krisesenteret i Stavanger

MERKAR AUKEN: Monica Velde Viste, dagleg leiar ved Krisesenteret i Stavanger.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

– Me hadde totalt 28 menn i fjor, halvveges i år hadde me 25, og auken ser ut til å halda fram, seier Monica Velde Viste, dagleg leiar ved Krisesenteret.

Ho trur ikkje det er meir vald som er årsaka til auken, men at fleire veit at dei kan få hjelp.

– Me veit at menn som er utsette for vald er endå meir tabu enn kvinner som er utsett for vald. Det er høg ei høg barriere for å ta kontakt, seier ho.

Partnarvald

I tre av ti tilfelle er det ektefelle eller partnar som utøver valden. Slik var det også med «Tom». På det verste viste vekta 48 kilo. No takkar han krisesenteret for at han på nytt kjenner livsglede i kvardagen.

Eg klarer å gleda meg, eg søv, eg har lagt på meg. Eg er meir eller mindre eit levande, tenkande og verdifullt menneske att.

«Tom»

– I dag har eg det heilt fantastisk. Eg er så glad i dei menneska som jobbar her på krisesenteret. Eg er tilbake i fullt arbeid og har lært at eg faktisk er ein ganske snill person, sjølv om eg kanskje kan sjå litt skummel ut, seier han med glimt i auget.