Hopp til innhold

Jerven forsynar seg grovt av årets lam

Tre lam er funne ihelslått av Jerv i Suldalsheiene. Sauebonde, Jacob Vetrhus, frykter at jerven har tatt langt fleire dyr enn dette.

Jerv i Suldal

Tre lam er funne drepne i Suldalsheine, men fleire er sakna.

Foto: Tor-Inge Bråtveit

Død jerv

Bilete av ein død jerv.

– Eg høyrde ei slags knurring frå eit dyr, som høyrdes svært misnøgd ut, seier sauebonde, Jacob Vetrhus, frå Suldal.

– Var dette jerven?

– Det kan nesten ikkje ha vore noko anna, svarer han.

Saknar uvanleg mange lam

Sauebonden fortel om sitt møte med ein jerv som har herja i Suldalsheiene den siste tida.

Han er ein av fleire som manglar uvanleg mange lam i år. Då han var på reinsdyrjakt på tysdag fann han eit av sine eigne ihelslått, og nesten oppetne.

– Det var eit skinn, nokre bein og eit hovude. Resten hadde nok både ørn og ravn ete opp, seier han.

Vil skyta jerven

– Når ein undersøker lamma er det store svære nakke- og bittskader, seier Tor Inge Bråtveit, som er rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn.

Han har undersøkt dei to lamma til Jacob Vetrhus, og han er ikkje i tvil om at det er jerven som har vore på ferde.

– Det er ein ganske eintydig måte lamma blir drepne på. Det er også på hausten den opererar, seier han.

Nå vil Jacob Vetrhus, og andre sauebønder, skyta jerven, eller jervane, som har forsynt seg av lamma i Suldal.

Får ikkje bruka helikopter

– Eg frykter heilt klart at jerven kan ha tatt fleire lam enn dei me allereie har funne. Naboane her manglar ganske mange lam, seier Vetrhus.

Jegere som registrerer seg kan skyta jerv, men sauebøndene er kritiske til at dei ikkje får bruka helikopter i i jakta på rovdyret.

– Det hadde vore mykje betre om me kunne få skadefelling, slik me kunne fjerna problemet.

Sjølv venter han nå på nysnø, slik at dei kan følgja spora til jerven.

– På bar mark vil det vera heilt umogleg, seier han.