Hopp til innhold

– Eg mister overskotet viss eg skal vere lærar fem dagar i veka

Fleire lærarar i ungdomsskolen jobbar i redusert stilling. For mattelærar Ole Lotsberg fungerer det best når han får køyre buss to dagar i veka.

Ole Lotsberg

Ole Lotsberg er både lærar og bussjåfør, og seier det er den beste løysinga for han. Han meiner det er betre å vere ein god lærar tre dagar i veka, enn å vere ein dårleg lærar fem dagar i veka.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg trivst veldig godt med å vere bussjåfør. Det er godt med avvekslinga, seier Ole Lotsberg.

Han arbeider som lærar tre dagar i veka, og dei andre to dagane køyrer han buss. For Lotsberg er dette den optimale løysinga.

– For meg blei det i overkant travelt og intenst å vere lærar på fulltid. Eg mista overskotet. Det er betre å vere ein så god lærar som eg kan tre dagar i veka, enn å vere ein dårleg lærar fem dagar i veka.

Lotsberg er ikkje aleine. Stadig fleire lærarar i ungdomsskolen gjer som han og reduserer stillinga si. Ferske tal frå Utdanningsforbundet viser at stillingsprosenten har gått gradvis nedover dei siste ti åra, og nå er snittet nede i 81,7 prosent i Rogaland. Tala overraskar fagforeininga.

Meiner krava aukar

– Vi trudde det var på dei lågaste trinna at mange valde å gå ned i stilling. Men tala for ungdomsskolen er overraskande låge, seier Gunn Reidun Tednes-Aaserød, leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland.

Gunn Reidun Tednes-Aaserød

Gunn Reidun Tednes-Aaserød er leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ho trur tala fortel om kor krevjande det er blitt å vere lærar i dag.

– Du skal ta vare på elevane i det faglege, men også på det menneskelege og psykiske planet. Du kan ikkje gå heim når klokka er fire og seie at «nå er eg ferdig for dagen». Jobben er med deg 24-7, seier Tednes-Aaserød.

Ole Lotsberg kjenner seg igjen.

– Viss ein passasjer på bussen oppfører seg rart, treng eg ikkje lure på kvifor han har blitt sånn, og om eg må ringe heim til mor eller far. Når eg er ferdig på jobb, er eg ferdig på jobb, seier han.

– Vi strevar med ukvalifiserte lærarar

Utdanningsforbundet meiner løysinga ligg i å reindyrke det å formidle kunnskap.

– Krava til dokumentasjon aukar. Det er mange kunnskapsmål du skal gjennom. Vi må klare å rydde litt i oppgåvene, seier Tednes-Aaserød.

For når lærarkvardagen blir for krevjande, rammar det elevane, minner ho om.

– Det er viktig for dei å ha stabile vaksne i flest mogleg fag. Vi strevar med mange ukvalifiserte lærarar.

Sten Larsen

Sten Larsen er rektor ved Grødem skole.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ole Lotsberg er tydeleg på at skolen han jobbar på, er ein god arbeidsplass. Sjefen hans, rektor Sten Larsen ved Grødem skole i Randaberg, har lang erfaring frå både skole og fagforeining. Han peiker på manglande ressursar i skolen som ein årsak til at nokon vil gå ned i stilling.

– Då blir det meir på kvar enkelt lærar, og det kan sjølvsagt spele inn, seier han.