Hopp til innhold

Fleire kommunar kranglar om Preikestolen

Kommunar i Rogaland blir ikkje samd om kven som skal eiga Preikestolen. No blir det folkerøysting om Norge sin største naturattraksjon.

Platået Preikestolen

Full debatt om den verdskjente Preikestolen.

Foto: NRK

Etter planen skal det nasjonal ikonet bli ein del av Nye Sandnes når dei to kommunane Sandnes og Forsand slår seg saman 1. januar 2020.

Men no risikerer dei å mista Preikestolen. For folka som bur nærast turistmagneten i Forsand, vil heller slå seg saman med Strand kommune og endra kommunegrensa.

Onsdag vart det bestemt at dei vel 100 innbyggarane med røysterett i Kolabygda, på nordsida av Lysefjorden. Skal få delta i folkerøysting om å lausriva Preikestolen frå Nye Sandnes.

Krangelen starta i fjor

Det var i fjor den tidlegare Forsand-ordførar Fridtjov Thorsen Norland. Tok initiativ til at området på nordsida av Lysefjorden skal delast frå Nye Sandnes kommune, og bli ein del av Strand kommune. Samen med andre har han søkt fylkesmannen i Rogaland om grenseendring.

– Det er heilt unaturleg for oss å bli ein del av Sandnes kommune, så lenge me ligge tett opp til Strand kommune.

Nye grenser

Fleire i Forsand kommunestyre er sterkt imot å endre kommunegrensa.

– Preikestolen har me alle kjensler til . Det skal mykje til for at eg gir den delen vekk til Strand, seier Roar Larsen (Ap).

Over 250 000 personar tar turen opp til Preikestolen kvart år, og den er ein solid turistmaskin.

– En grunn til at Hollywood har kommet til Norge

Etter folkerøystinga i juni har Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad tenkt å ha eit ekstraordinært kommunestyremøte. Der skal ei eventuell grenseendring bli diskutert på ny.

– Me må få denne saka ut av verda, seier Dagestad.

Til slutt er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som bestemme kven som blir den heldige eigaren av Preikestolen.