Hopp til innhold

Fleire kjenner 2008

Det er stadig fleire i Rogaland som kjenner til at Stavanger skal vera  Europeisk kulturhovedstad i 2008.

 

Gladmatfestivalen i Stavanger

Fleire kjenner til Stavanger 2008

Foto: S.Sigbjørnsen

Rogalendingane sin kjennskap til Stavanger2008 er målt ved å spørje folk om dei kjenner til at Stavangerregionen har fått status som Europeisk kulturhovedstad.

Resultata viser at den  kjennskapen har auka kvart år, og nå er på 93%.

På Haugalandet er det 77% som kjenner til Stavanger 2008.

 

Angår i liten grad folk flest

Undersøkjinga viser også at det fortsatt er fleire som opplyser at Stavanger2008 angår dei i liten grad enn det motsette.   Berre 25% seier at dette er viktig for dei.  44% stiller seg heilt på sida av kulturhovedstadsåret.

- Det gledelege er likevel at denne forskjellen blir redusert for kvart år frå 2003, då undersøkjinga auka, til nå. Det er ei klar målsetting at det skal snu  når kulturhovedstadsåret blir lansert 17. oktober i år, seier strategidirektør Rolf Norås.

Dei unge veit meir

Det er nå 86% av ungdom i alderen 15-29 år, som kjenner til Stavanger 2008. Dette  er ein auke på 16% i løpet av dei to siste åra. 

- Stavanger 2008 ha satsa bevisst på å nå denne målgruppa.  Det er ungdommen som er definert som dei viktigaste å nå fram til i regionen, seier Norås.