Hopp til innhold

Fleire kjem ikkje gjennom til 113

Fleire mobilbrukarar kjem ikkje gjennom til 113 og dei andre naudnummera med mobiltelefon. Fagdirektør i Helse Stavanger, Sverre Ulving, ber folk som treng akutt hjelp om å bruka fasttelefon.

Telefon

Bruk fasttelefon i akutte situasjonar, det er oppfordringa frå Fagdirektøren i Helse Stavanger.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Telenor sine problem med mobildekninga fredag ettermiddag fører til fleire problem i heile landet. I tillegg til Telenor sine kundar er også Ludo-, Ventelo-, Talkmore-, Djuice-, Onecall- og ACN-kundar ramma av feilen.

Får ikkje svar

– Sidan nettet nå er så ustabilt oppmodar me alle om å bruka fasttelefon i kritiske situasjonar, seier Ulving i Helse Stavanger.

Dei har testa linjene og opplever at verken SMS eller telefonar kjem gjennom til AMK frå telenornettet.

– Dei som ringer frå mobil kan risikera at dei ikkje kjem gjennom. Dette merkar ikkje kundane på annan måte enn at det ringar og ringar, utan dei får svar, seier han.

Dermed kan folk risikera å ikkje få den hjelpa dei treng utan å vera klar over at nettet er nede. Også innanfor i naudetatane skapar dette trøbbel.

Ingen alvorlege konsekvensar så langt

– Me har beredskapssystem som baserar seg på mobiltelefoni, dette er derfor ei stor utfordring for oss, seier Ulving, som understrekar at problemet gjeld for heile landet.

Førebels har han ikkje fått meldingar om at problema har ført til at folk ikkje har fått den hjelpa dei treng.

– Me har opplevd at folk ikkje har fått tak i oss via mobiltelefon, men at dei har klart å kontakta oss via fasttelefon eller mobiltelefonar som ikkje brukar Telenor sitt nett.

Telenor jobbar med å få nettet opp, men det er framleis nede klokka 19.43.,

På heimesidene sine skriv Telenor at det er mogleg å ta SIM-kortet sitt ut frå mobilen, for så å ringja naudnummera 110, 112 eller 113.