Hopp til innhold

Tjuvar jaktar gull og diamantar på Jæren

Dei siste to vekene har det vore meir enn 20 innbrot i bustadhus og leilegheiter på Jæren. Tjuvane bryt seg inn mens folk er på ferie, og politiet ber folk om å vera på vakt.

Politi

Politiet på Jæren har registrert meir enn 20 innbrot dei siste to vekene.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det har vore mange grove tjuveri i Klepp, Time og Hå dei siste vekene. Seinast no i natt var det eit innbrotsforsøk på Varhaug og eitt på Vigrestad, seier lensmann i Time, Arild Oftedahl.

Politiet på Jæren har ein travel sommar. Dei siste vekene har dei registrert meir enn 20 innbrot i bustadhus og leilegheiter. Innbrotstjuvane er på jakt etter edelt metall.

– Det som blir stole er små gjenstandar som er mykje verd, og spesielt gull og diamantar. Enkelte stader har dei faktisk lagt sølvtøyet igjen, så det kan sjå ut som at dei ikkje reknar det for å vera verd nok, seier Oftedahl.

Ingen er førebels arresterte for innbrota.

– Det er vanskeleg å få tak i den eller dei som har gjort dette. Me veit førebels ikkje om det er snakk ein person, eller fleire gjengar. Men me kan ikkje sjå vekk ifrå at dette kan dreie seg om profesjonelle omreisande tjuvar, seier lensmannen.

På nokre stader har dei likevel sikra seg tekniske spor og observasjonar frå naboar, som kan bli viktige i etterforskinga.

Patruljerer på natta

Politiet har no patruljar ute til alle døgnets tider for å forhindre fleire innbrot, men det er ei stor oppgåve.

– Det er eit stort område me har ansvaret for, og sjølv om me har patruljar ute heile døgnet, så er det klart at me ikkje kan vera overalt. Me veit jo ikkje kor dei slår til neste gong, seier Oftedahl.

Difor oppmodar politiet folk om å koma med tips.

– Ser publikum folk som luskar rundt på natte, tek bilete av hus, eller ser rundt i hagar, eller mistenkelege bilar som stoppar utforbi hus, så vil me gjerne ha tips om det. Det kan vera viktig informasjon for oss i politiet, seier Oftedahl.

Slår til mens folk er på ferie

Innbrota skjer når bustadane står tomme, mens folk er på ferie. Difor ber politiet folk om å ta sine forholdsreglar om dei skal reise vekk.

– Be naboar om å passe på huset, og prøv å få huset til å sjå ut som det bur folk der. For ser huset ut som det er forlate, så er sjansen større for innbrot.