Fleire gravstøtter velta i Sandnes

Politiet har ingen mistenkte etter det i går kveld blei oppdaga at 12 gravstøtter var velta på Soma Gravlund i Sandnes.

Gravvelting i Sandnes

Nokon har sundag kveld vore ute å velta gravstøtter på Soma gravlund i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

– Kyrkjelydskontoret er varsla og me har også hatt ein patrulje på staden for å sjekka forholda, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt Charles Bøglid.

Det var klokka 19 sundag kveld dei fekk inn meldinga om gravstøtteveltinga.

Politiet skal sjekka saka nærmare i dag.