NRK Meny
Normal

Fleire forkjørsvegar skal hindra ulukker

Fleire vegar skal forkjørsregulerast i Stavanger-området. Målet er å auka trafikktryggleiken og få eit meir logisk vegnett, ifølge Vegvesenet.

Fleire nye forkjørsvegar

I første omgang bli 11 vegar forskjørsregulerte i Stavanger kommune (sjå liste over vegane nedst i artikkelen). Det skjer frå om lag midten av mai (les heile rapporten frå Statens vegvesen her).

Bakgrunnen for dette er at det før jul blei vedtatt at Statens vegvesen skal forkjørsregulera 19 fylkesvegar og seks kommunale vegar i Stavanger kommune. Vegvesenet fortalde om planane sine også i april 2013.

– Meir logisk

Blant vegane som snart blir forkjørsregulert er den sterkt trafikkerte Ullandhaugvegen i Stavanger. Fv. 402 Ullandhaugveien/Madlamarkveien har hatt 17 ulukker med personskade i perioden 2003- 2012.

Av desse har ni skjedd i tilknyting til høgreregulerte kryss. Også på dei andre vegane som snart blir forkjørsregulerte, har det skjedd fleire trafikkulukker i same periode.

– Dette gjer me for å betra trafikktrykkleiken på ein del vegar, samtidig som me sørger for eit meir logisk vegsystem.

– Er vegnettet ulogisk i dag?

– Nokre plassar er det ulogisk. Du kjem gjerne på ein hovudveg og må stansa for trafikken på ein veg som har betydeleg mindre trafikk, kor det ikkje oppfattast logisk å stansa, seier Ytreland.

– Kva talar imot endringane?

– Historisk har ein vore redd for auka fart på vegane som blir forkjørsregulert. Nå viser erfaringane våre at det ikkje er tilfelle. Samtidig får trafikantane på hovudvegen auka fokus på det dei skal stansa for, for eksempel fotgjengarar.

Lovar meir informasjon

Planen er at også vegar i andre kommunar i Stavanger-distriktet skal bli forkjørsregulerte på sikt. Vegvesenet lovar å komma med meir detaljert informasjon før endringane skjer i mai.

Desse 11 vegane bli forkjørsregulerte frå mai:

  • Fv393 Breidablikkveien/Auglendsdalen/Haugåsveien/Auglendsveien
  • Fv402 Ullandhaugveien/Madlamarkveien
  • Fv405 Regimentsveien
  • Fv411 Løkkeveien/Borgermester Middelthons gate/Tastagata/Dusavikveien/Eskelandsveien
  • Fv412 Randabergveien/Gjerdeveien/Gabbroveien
  • Fv445 Kvernevik ring
  • Fv448 Eikesetveien/Godesetdalen
  • Klubbgata/Kongsgata
  • Arne Rettedals veg
  • Heddeveien
  • Madlasandnes