Hopp til innhold

– Det var som ei slagmark

21 personar er evakuerte etter steinraset på Ombo i Stavanger måndag. Agnethe Lurén og familien veit at dei var heldige som ikkje blei trefte av raset.

Agnethe Luren

Agnethe sat ved matbordet da steinraset slo inn i hytteveggen.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

– Hadde det vore litt finare vêr i går, ville vi sete ute ved pergolaen. Vi hadde ikkje hatt ein sjanse. Steinen kom så fort.

Måndag kveld gjekk det eit større steinras som trefte ei hytte og ein eigedom på øya Ombo i Stavanger.

Agnethe Lurén og familien sat og åt middag. Foreldra hennar kom nokre timar tidlegare. Dei vaksne begynte å bli ferdige med maten, og ungane hadde allereie forlate matbordet.

Agnethe sit nærmast vindauget og kikkar ut.

– Det kom ein rar lyd eg aldri har høyrt før. Så såg eg ein stor stein komme flygande rett mot oss.

Steinen treffer noko, det kjem ein høg lyd og mykje støv. Familien kjenner hytta riste, og vindauget knuser.

– Glasbitane flyg utover heile stova. Det var som ei slagmark.

Kjell Åke Lurén og datteren Agnethe Lurén

Kjell Åke Lurén og dottera ser på bilda frå den dramatiske måndagskvelden.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

– Gjer frykteleg vondt

Familien, som slapp unna med små kutt, skjønte raskt at dei måtte evakuere, og ringde nødnummeret.

Dagen etter sit Agnethe igjen med ein trist kjensle av at hytta ho voks opp på, og som barna er så glade i, ikkje lenger er trygg.

– Det å vite at det ikkje lenger er trygt der, gjer frykteleg vondt. Samtidig er eg utruleg takknemleg for at det gjekk så bra. Det er berre flaks at ingen var ute.

Faren til Agnethe og eigaren av hytta, Kjell Åke Lurén, seier at han og familien er redde for å dra inn igjen.

– Når kjem det neste raset? Det veit vi ikkje. Eg trur mange, som oss, vil kvi seg for å reise tilbake. Og ei hytte ein ikkje kan føle seg trygg på, har ingen verdi.

Turistar blei vitne til raset

– Vi fekk panikk, og har ikkje fått sove noko særleg i natt, fortel den tyske turisten Sven Schröder.

Schröder så heile den skremmande hendinga frå båten han var på fisketur med.

Store steinblokker raste, og dei har knust ein bil på eigedommen.

– Det er ein del fjell som har rasa ned. Dei har hatt englevakt dei som budde i denne hytta, det er det ingen tvil om, seier innsatsleiar Håkon Eide i Ombo brannkorps.

Fem familiar kom verken ut eller inn av området på grunn av sperringane som var sette opp, men litt etter klokka 11 blei vegen opna for nødvendig ferdsel.

Det er ikkje fare for at det går ras der familiane bur.

– Det er viktig å seie at eg på det sterkaste rår folk frå å ta seg opp i rasområdet. Her skal ingen ferdast, seier Eide.

Veien stengt i forbindelse med steinras på Ombo i Stavanger

Vegen blei stengd i samband med steinraset på hyttefeltet på Ombo.

Foto: Adrian Fosse Årthun / NRK

– Vi veit for lite om det kan komme til å gå nye ras. Det er også grunnen til at vi sperrar av området. Her blir det vidare undersøkingar som må til før ein er sikker på om det er fare for ytterlegare ras.

Det seier Razmus Viggen, brann- og redningssjef i Rogaland brann og redning.

Politiet skriv tysdag klokka 13.14 at vegen er opna, men det er fire hytter som blir verande evakuert. Hytteeigarane er informerte. Det blir tatt ein ny vurdering på fredag.

Undersøkte området

To geologar har på oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kartlagt vidare rasfare i området.

Ingeniørgeolog frå Multiconsult, Håvard Barkved fortel at det har vore mykje regnbør den siste tida, som kan ha ført til raset.

– Vi har fått sett kor mykje som har losna og kor mykje laust det er igjen etter raset. Vi har ikkje fått vurdert området i detalj, men det er meir som kan losne over tid, seier ingeniørgeolog frå Multiconsult, Håvard Barkved.

Ordførar i Stavanger kommune, Sissel Knutsen Hegdal (H), seier til NRK at dei ikkje har hatt ein plan om rassikring i området til no.

Sissel Knutsen Hegdal i Stavanger Høyre

Ordførar i Stavanger kommune, Sissel Knutsen Hegdal.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Men det har vore ein historikk med ras. Det vi må gjere no, er å studere historikken, og finne ut kva som er problemstillinga vidare.

Ho seier det gjer sterkt inntrykk å sjå bileta av steinblokkane som har rast ned.

– Eg er enormt takksam for at det ikkje blei personskadar som følge av raset.

Steinras på Ombo i Stavanger
Foto: Adrian Fosse Årthun / NRK

Turistar blei vitne til raset

På grunn av fare for nye ras har 21 personar blitt evakuerte frå hyttefeltet som består av 17 hytter.

– Dei fleste evakuerte som har hytter her, har dratt heim til eigen bustad. Men det er nokon tyskarar som hadde leigd ei hytte rett nedanfor der raset gjekk. Dei fiska da raset gjekk, og såg det skje, fortel Eide.

Tyskarane blei evakuerte til ei anna hytte på øya.

Steinras på hyttefelt på Ombo i Stavanger

Deler av hytta har blitt til pinneved etter raset.

Foto: Adrian Fosse Årthun / NRK

To store ras i 2013

Det er ikkje første gong det har rasa i dette området. I 2013 var det to store ras, også den gong utan personskade.

– Da var det også dramatisk, og det blei sett opp sikringsnett, men denne hytta ligg akkurat utanfor sikringsområdet, seier innsatsleiar Eide.

Hytteforeininga har etterlyst rassikring sidan den gongen, har Strandbuen tidlegare skrive.

Flere nyheter fra Rogaland

Stromma sin buss står parkert ved nasjonalmonumentet Haraldshaugen i Haugesund.

Kjører ulovlig flere steder i landet

Haaland på Café Jærbuen

Haaland måtte ha to porsjoner kjøttkaker