NRK Meny

Fleire drar til fjells

Talet på personar som besøkte turisthyttene i Rogaland, auka med nesten 5000 i 2016, samanlikna med året før. Totalt var det nær 23.000 personar som tok turen til hyttene i fjellheimen i fjor, skriv Stavanger Aftenblad. Kommunikasjonsrådgjevar i Stavanger turistforeining, Henriette Gill, seier til avisa at ho ikkje blir overraska dersom talet går oppover også i år.