Hopp til innhold

Fleire byar inn i kampen om Røkke-skyskrapar

Haugesund er blant ni kommunar der det er interesse for den omstridde skyskraparen «Det store blå» på 250 meter.

Illustrasjon av Røkkes blå tårn på Fornebu

Fleire byar har meldt interesse for «Røkketårnet» etter at det går mot at Bærum kommunestyre vender tommelen ned for byggeplanane på Fornebu.

Foto: FP Eiendom

– Me kan samla kompetansen innan havområdet på Vestlandet dersom bygget blir lagt til Haugesund, seier Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn (Ap).

Han fryktar ikkje eit høghus på 64 etasjar og nærare 250 meter, som ingen av partia i Bærum vil ha.

Dermed ligg det an til at kommunestyret i Bærum vender tommelen ned til «Røkketårnet» på Fornebu 27. mars. Det opnar opp for alternative plasseringar.

– Det er ikkje sikkert det er noko problem for ein by som Haugesund å ha eit veldig høgt hus. Hadde det vore mange, hadde det vore heilt uaktuelt. Men eitt tårn toler me, meiner ordføraren.

Arne-Christian Mohn

Ordførar i Haugesund, Arne-Christian Mohn (Ap), vil ha skyskraparen «Det store blå» til Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Delar av skyskraparen vil ha som mål å vera «Verdshavet sitt hovudkontor». Nå er ordføraren invitert til Nina Jensen og forskings- og havselskapet REV Ocean for å overtyda dei om at Haugesund er rette plassen når Fornebu-alternativet kan ryka.

– Innhaldet i det som er planlagt er så mykje meir enn eit tårn. Det er eit forskingssenter med grøn framtid for havet. Kva er vel betre enn at det ligg i den maritime hovudstaden i Norge? spør Haugesund-ordføraren.

Slik skal Røkke-tårnet brukes

Slik skal skyskraparen brukast, ifølge planane.

Foto: Morten Skramstad / NRK Grafikk

Nina Jensen: – Positivt med interesse

Men Haugesund er ikkje den einaste kommunen kor det er interesse for «Verdshavet sitt hovudkontor». Ni kommunar ønsker «Det store blå» velkommen, ifølge REV Ocean (sjå liste nedst i artikkelen).

Nina Jensen, REV Ocean

Nina Jensen i Rev Ocean.

Foto: NRK

Det er det Røkke-eigde selskapet som står bak og skal drifta prosjektet.

– Det er positivt og hyggeleg at så mange ønsker dette velkommen. Eg håpar dette er eit tydeleg signal til Bærum som har sagt nei til planane i noverande form, seier administrerande direktør i REV Ocean, Nina Jensen.

Ho slår fast at «Verdshavet sitt hovudkontor» skal byggast, sjølv om det er høgst usikkert kor det blir.

– Me har ein prosess med å vurdera om Fornebu framleis er aktuelt og om andre plassar er meir formålstenlege. Fornebu har vore det me har føretrekt fram til nå, seier Jensen.

Røkke skyskraper

Slik ser den planlagde skyskraparen ut.

Foto: FP Eiendom

Undersøker skuggelegging

NRK har tidlegare fortalt at skyskraparen vil kasta skuggar over deler av Fornebu, Lysaker og området mot Stabekk. Det viser skuggeteikningar NRK har fått tilgang til.

Dette er også noko Haugesund kommune vil undersøka, ifølge ordføraren.

– Kor kan tårnet plasserast?

– Me har ikkje eit endeleg svar, men har tenkt på nokre aktuelle plassar, seier Haugesund-ordføraren og nemner nord på Bakarøy, nord på Risøy og sør for Karmsund videregående skole.