Hopp til innhold

– Botnen er nådd på utleigemarknaden

Oljebransjen hentar igjen folk til Stavanger. Det har ført til ei kraftig auka i talet på bustader som blir leigde ut, syner tal frå Eiendomsmegler 1.

Nina C. Byberg, Eiendomsmegler1

Nina C. Byberg i Eiendomsmegler 1, viser ein einebustad på Madla i Stavanger. Eit område som er svært populært blant firmakundar som vil leiga bustad.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det er mykje meir aktivitet samanlikna med i fjor. Etterspurnaden er større, og me treng difor fleire bustader å leige ut, seier avdelingsleiar i Eiendomsmegler 1, Nina C. Byberg.

I oktober i år har dei leigd ut dobbelt så mange bustader i Stavanger, samanlikna med oktober i 2016. Og 30 prosent fleire bustader enn i oktober 2012.

– Det som er veldig kjekt å sjå er at firmakundar kjem tilbake. Folk som me leigde ut til i 2012, då det meste var på topp i regionen, kjem tilbake. Både familiar og konsulentar, seier Byberg.

For det er selskap i oljebransjen, som dominerer blant firma som tek kontakt.

– Me ser at fleire prosjekt blir sette i gong i oljenæringa. Då kjem det mellom anna prosjektleiarar til vår region, som treng ein stad å bu.

Nina Byberg, eiendomsmegler1

Nina C. Byberg i Eiendomsmegler 1, melder om større interesse blant firmakundane.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Har merka nedturen

Leigemarknaden i Stavanger-regionen vart hardt råka av oljenedturen. Alt før dei store oppseiingsrundane kom, merka Eiendomsmegler 1 at noko var i ferd med å skje.

– Det me såg var at konsulentane plutseleg forsvann, og at firmamarknaden roa seg veldig ned. Og det var før det viste igjen i media korleis stoda var i Stavanger.

At det no betrar seg på leigemarknaden, håpar ho er eit teikn på større optimisme i regionen.

– Når me merker denne positive trenden, så håpar me at det held fram i 2018, og at me er ferdige med denne krisa, seier Byberg.

Prisane er framleis lågare enn før

– Me har vore gjennom nokre tøffe år, men no har det stabilisert seg, og me trur me har nådd botnen, seier dagleg leiar i Utleiemegleren Stavanger, Eirik Hauge.

Dei ser også at det no er fleire firma som tek kontakt for å leiga bustad.

– I løpet av det siste halve året har me merka ei auka interesse frå firma som har begynt å tilsetta folk igjen, seier Hauge.

Eirik Hauge

Eirik Hauge i Utleiemegleren i Stavanger meiner marknaden no har stabilisert seg.

Foto: Magnus Stokka

Men tal frå Utleiemegleren viser at prisane framleis er langt under det dei var i toppåret 2012. I 2012 var snittprisen for ein 3-roms leilegheit i Stavanger 15.341 kroner, medan snittprisen så langt i år ligg på 11.155 kroner.

– Eg har ikkje trua på at prisane vil auka dramatisk i løpet av den nærmaste tida, seier Hauge.

Byberg i Eiendomsmegler 1 er meir optimistisk.

– Me reknar med at prisane også har nådd botnen. Me ser ein svak positiv framgang, og håpar at det held fram.