Hopp til innhold
Brann i Kvålevegen
Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Fleire brannar på Bryne

  • Fire nye veker for 21-åring

    21 åringen som er sikta for å stå bak åtte brannar på Bryne i sommar blei i dag varetektsfengsla i fire nye veker. Den sikta nektar å la seg avhøyra av politiet, og nektar straffskuld. Politadvokat Lene Tesdal Tonstad seier at mistanken mot han er styrka.

  • Meiner det er fare for gjentaking

    Politiet vil be om at 21-åringen, som er sikta for Bryne-brannane, får fire nye veker i varetekt. Dersom han blir sloppen ut frå varetekt, meiner politiet det er fare for gjentaking. Det opplyser politiadvokat Lene Tesdal Tonstad til NRK.

    Brannstiftere på Bryne
    Foto: Mathias Oppedal / NRK
  • Lar seg ikkje avhøyre

    21 åringen, som er sikta for å stå bak alle åtte brannane i Rosseland-området på Bryne i sommar – nektar framleis å la seg avhøyra av politiet. Mannen, som meiner han ikkje har noko med brannane å gjera, har vore varetektsfengsla i seks veker.

  • Styrka mistanke

    Etterforskinga mot 21-åringen, som er sikta for å stå bak åtte brannar på Bryne, har styrka mistanken mot han. Det seier aktor, Mina Kristin Rød. Dei to andre sikta, slepp fri frå varetekt, men siktinga står ved lag, seier Rød.