Hopp til innhold

Fleire bilar skadde i trafikkulukke

Naudetatane har rykka ut til Orstad på Jæren der seks bilar er involvert i ei trafikkulukke. Etter at den eine bilen køyrde over i motsett køyrefelt og treft ein bil, køyrde han over på ein parkeringsplass og trefte fire bilar.

Ein person er sendt til Stavanger universitetssjukehus og ein til legevakt. Skadeomfanget er ukjent. Det er ikkje mistanke om ruskøyring. To av bilane er frakta bort frå staden, og trafikken flyt greitt. Politiet jobbar på staden.

Trafikkulukke på Orstad
Foto: Heidi Karin Gilje Skog