Fleire betaler for dekkhotell: – Vi har blitt meir makelege

FORUS (NRK): Fleire vel dekkhotell for å lagre hjula sine. – Det seier litt om kor godt vi har det i Noreg, seier professor.

Per Magne Kvål

AUKANDE TREND: Per Magne Kvål ved Dekkstra på Forus utanfor Stavanger har plass til 6500 hjulsett. Fleire og fleire vel dekkhotell, men først og fremst i byane, ifølgje NAF.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Hos Dekkstra på Forus har verkstadleiar Per Magne Kvål i underkant av 6000 hjulsett plasserte på dekkhotellet. Han har plass til godt over 500 til, og driv dermed Rogalands største dekkhotell.

Men det har ikkje alltid vore slik.

– Eg starta dekkhotell for cirka tjue år sidan, og då hadde vi omtrent fire hjulsett, seier han.

Kvål meiner bruken av dekkhotell har eksplodert.

– Vi har blitt meir makelege, slår han fast.

Fleire vel dekkhotell i byane

Dette er tida for å skifte frå sommardekk til vinterdekk mange stader i landet. Og stadig fleire vel å få profesjonelle til å ta dekkskiftet, og å lagre hjula på eit dekkhotell.

Ei fersk undersøking gjort av InFact for Noregs Automobil-Forbund (NAF) viser at 21 prosent av dei spurde lagrar hjula sine på dekkhotell. I ei liknande undersøking frå 2016, svarte 16,7 prosent at dei brukte dekkhotell.

– Det er behageleg og ei teneste folk er villige til å betale for, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF.

Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgiver i NAF

SER TRENDEN: Fleire tyr til dekkhotell for å ta vare på hjulsetta sine, seier Nils Sødal i NAF.

Foto: NAF

Ifølgje Sødal er dekkhotell mest brukt blant folk frå 45 år og oppover. Han trur det har samanheng med at vaksne og eldre i større grad kan ta seg råd til slike tenester.

Men først og fremst er dekkhotell eit byfenomen.

– Folk i byane har mindre og mindre lagringsplass. I Oslo er det nærare 29 prosent som nyttar seg av dekkhotell, seier Sødal.

– Vi kjøper oss tid

Professor Håvard Hansen ved Universitetet i Stavanger er ekspert på forbrukaråtferd. Han seier auka bruk av dekkhotell er ein konsekvens av velstanden blant nordmenn.

– Det seier litt om kor godt vi har det. Vi bruker pengar på tenester og produkt som gjer at vi kan spare tid. Vi har råd til det, seier Hansen.

Håvard Hansen, instituttleder og professor ved Norsk Hotellhøgskole, Universitetet i Stavanger.

POSITIV: Professor Håvard Hansen meiner det er uproblematisk å nytte seg av dekkhotell eller vaskehjelp viss det gjer at ein kan bruke tida si på andre ting.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han trekker fram oppvaskmaskina som eit anna godt døme.

– Dei aller fleste av oss klarer heilt fint å vaske opp sjølv, men vi kan heller lese avisa medan maskina gjer det for oss. Vi kjøper oss fri frå å gjere kjedelege oppgåver og kan heller gjere noko gøy.

Meiner alle kan skifte dekk sjølv

Hansen ser få negative konsekvensar ved at folk nyttar seg av tenester som dekkhotell eller vaskehjelp.

– Ein stadig større del av økonomien blir knytt til tenesteproduksjon. Det er ikkje negativt at nokon gjer ein jobb vi elles kunne gjort sjølv, seier han.

NAF tilrår folk å undersøke i forkant og nytte seg av seriøse dekkhotell. Og ifølgje Sødal er det òg heilt overkommeleg å skifte dekk sjølv.

– Bruk ordentleg utstyr og lær deg kvar du skal plassere jekken under bilen. Resten er enkelt og greitt, seier han.