Hopp til innhold

Brot på nettkabel i Rogaland: Fleire bedrifter ramma

Meir enn 20 bedrifter har vore utan nett, etter eit kabelbrot i Rogaland. På klesfabrikken til Janus i Bergen har produksjonen stått sidan torsdag føremiddag.

Janusfabrikken i Arna

Janusfabrikken i Arna i Vestland har ikkje produsert ullklede heilt sidan kabelbrotet skjedde klokka 10.37 i går.

Foto: Janus

  • Siste: Klokka 12.15 melder Tieto Evry at feilen skal vera fiksa og at situasjonen er i ferd med å normalisera seg.

– Heile produksjonen vår er datastyrt, så konsekvensane her har vore store. Nettbutikken vår er også nede, seier Arne Fonneland, administrerande direktør i Janus.

Produksjonen deira av ullklede har vore nede sidan dei mista tilgang til serverane sine i går. Og fabrikken i Arna i Bergen er berre ei av fleire bedrifter som har blitt ramma av datatrøbbel det siste døgnet, som følgje av den same feilen.

Brot i fiberkabel

Ifølgje driftsmeldinga til nettselskapet Global connect var det torsdag klokka 10.37 det oppstod brot på ein fiberkabel i Sauda Rogaland. Det skal ifølgje Stavanger Aftenblad ha fått konsekvensar for 26 bedrifter med fleire tusen tilsette.

– Eigentleg er systemet robust med ei linje som går over fjellet, og ei som går langs kysten. At begge desse linjene blir slått ut samstundes er svært sjeldan, seier Anne Vandbakk, som er kommunikasjonssjef i Global Connect.

Feilen blei i dag lokalisert, og klokka 12.15 kom meldinga om at feilen også var fiksa. Hendinga blir nå gjennomgått av Global Connect.

Men produksjonen i Janusfabrikken er framleis ikkje i gang fredag ettermiddag.

– Det vil ta lang tid å få opp igjen systemet vårt. Så me har mista heile produksjonen i dag, seier Fonneland.

Datalagring hos Green Mountain

Fleire bedrifter som bruker datasenteret Green Mountain på Rennesøy er ramma.

Foto: Sebastian Winum Storvik/NRK

Snø og is

Det er teknologiselskapet Tieto Evry som leverer datatenester til Janus. I hovudsak er det kundane deira som har blitt ramma av kabelbrotet, som skal skuldast snø og is.

– Situasjonen er at me har eit kabelbrot som påverkar ein del kundar som bruker datasenteret på Rennesøy (Green Mountain red. anm.), sa pressetalsmann i Tieto Evry, Geir Remman til NRK fredag føremiddag.

I ettermiddag kom meldinga om at det har byrja å gå datatrafikk gjennom kabelen, og at systemet dermed er på veg opp. Dei vil likevel bruka til på å vurdera og verifisera om alt er som det skal.

– Me beklagar det som har skjedd på det sterkaste, seier Remman.

Janusfabrikken, som berre er ei av fleire bedrifter som er ramma, har 120 tilsette. Kvar dag produserer dei 10.000 ullplagg. Når også nettbutikken deira er nede blir dei økonomiske konsekvensane store.

– Blir dette ei erstatningssak?

– Vel, kontraktane våre ligg på server, så det veit me ikkje. Fokuset vårt er uansett ikkje der. Nå handlar det om å få alt dette opp å gå igjen. Me veit at Tieto Evry sine folk har jobba på spreng for å fiksa opp i dette, seier Fonneland.

Arne Fonneland og Janne Vangen Solheim

Administrerande direktør Arne Fonneland og konsernsjef Janne Vangen Solheim i Janus, ved eit tidlegare høve.

Foto: Janus