Hopp til innhold

Fleire bankkundar blir svindla i Eigersund

Over 30 av kundane til Sparebank 1 SR-Bank i Eigersund har sidan i sommar blitt utsett for svindelforsøk.
Den største saka banken har hatt i år var ein investeringssvindel på heile 1,8 millionar kroner, seier banksjef Inger Lise Tønnessen til Dalane Tidende. Hittil i år er det tre gonger så mange kunder som har vore utsett for svindelforsøk i heile Sparebank1 SR-Bank-systemet her i landet.