NRK Meny
Normal

Samferdsleministeren vil gjera Sørlandsbana meir tilgjengeleg

– Med åtte avgangar i staden for fire vil fleire våga å bruka toget, for då veit dei at dei kjem seg heim att også, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

NSB vil ha dobbelt så mange avgangar på Sørlandsbana.

SJÅ TV-SAKA: Vil fleire bruka Sørlandsbana dersom talet på avgangar blir dobla? Ja, trur samferdsleministeren.

Regjeringa vil ha fleire tog mellom Oslo, Kristiansand og Stavanger, og har bede NSB om å leggja til rette for dobbelt så mange avgangar som i dag.
Det betyr togavgangar annankvar time på Sørlandsbana.

– Viktig med eit godt kortsiktig tilbod

Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i Mo i Rana

SAMFERDSLEMINISTER: Ketil Solvik-Olsen (Frp)

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Samferdsleministeren seier at regjeringa vil satsa meir på jarnbaner, og har sett av 30 milliardar kroner i eit infrastrukturfond som skal sikra at jarnbana får føreseielege løyvingar.

– Me har mange store planar på lang sikt, men det er også viktig å gi eit tilbod på kort sikt. Då er fleire avgangar ei god løysing, seier ministeren.

I dag er det fire togavgangar mellom Kristiansand og Oslo, og tre mellom Stavanger og Kristiansand. NSB har no, saman med jarnbaneverket, fått i oppdrag å sjå på moglegheitene for ei dobling, utan å kutta i sovevogntilbodet. Solvik-Olsen trur kundegrunnlaget er godt nok til å forsvara dobbelt så mange avgangar.

– For å få folk til å reisa med jarnbana må me ha fleksibilitet og føreseielegheit. Med åtte avgangar i staden for fire vil fleire våge å bruka toget for då veit du at du kjem deg heim att også.

NSB: – Heilt naudsynt

Dag Brekkan

– MÅ HA FLEIRE: Dag Brekkan, marknadsansvarleg i NSB, seier det er naudsynt med fleire avgangar.

Foto: Privat

– Det er naudsynt å auka talet på avgangar på Sørlandsbana slik at Sørlandsbana skal halda oppe og auka konkurransekrafta si, seier Dag Brekkan, marknadsansvarleg i NSB Sørlandsbana.

Han fortel at forslaget som dei utgreiar no betyr produksjonsauke av tog, og det vil føra til ei auke i offentlege kjøp.

Når utvidinga trer i kraft er endå ikkje bestemt.

Pendlarar har frykta at fleire avgangar ville bety at toget stoppa på færre stasjonar, men NSB avkreftar dette og seier stoppmønsteret vest for Kristiansand vil bli det same som det er i dag.

Passasjerar NRK Rogaland snakka med i dag er derimot udelt positive til fleire avgangar.

– Fleire avgangar kan bety at fleire vil bruka toga mellom byane, seier Steinar Hojem.

– Det høyrest veldig fornuftig ut. Det er bra med avgangar no, men at det vil bli fleire er berre bra. Eg reiser ein del både i jobb og privat, og tykkjer komforten er betre på tog enn i bil, seier Harald Hornberg.