Hopp til innhold

Arbeidsløysa bit seg fast i oljefylket

I november blei det 1.100 fleire heilt arbeidsledige her i landet, ifølgje sesongjusterte tal frå Nav. 300 av dei bur i Rogaland.

Oljearbeidar

Talet på arbeidsledige som er registrerte hos NAV auka i november.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Ved utgangen av november var det registrert 78.200 heilt arbeidsledige hos Nav. Dette er ein nedgang på 1.000 samanlikna med november i fjor. Arbeidsløysa nasjonalt er på 2,8 prosent, ned frå 2,9 prosent i november i fjor.

Til saman var 98.500 personar registrert som enten heilt arbeidsledige eller arbeidssøkjarar som deltar på tiltak Det er 2.700 fleire enn for eitt år sidan og svarar til 3,6 prosent av arbeidsstyrken, mot 3,5 prosent i fjor.

Nav direktør Sigrun Vå

Sigrun Vågeng, arbeids- og velferdsdirektør i Nav.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Etter fleire månader med nedgang i arbeidsløysa har vi sett ein auke dei siste to månadene. Mykje av dette kjem av at færre arbeidssøkjarar tar del i tiltak og at fleire dermed er heilt ledige, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Held fram med å stiga i Rogaland

Justert for normale sesongvariasjonar hadde Troms og Hordaland den største auken i arbeidsløysa i november, men Finnmark og Akershus hadde den største nedgangen.

Rogaland er framleis det fylket i landet der arbeidsløysa er størst i prosent. I november var 11.705 rogalendingar heilt ledige, det 300 fleire enn i oktober, og det er utgjer 4,5 prosent av arbeidsstyrken.

Truls Nordahl

Truls Nordahl, direktør i Nav i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det gode er at det ikkje lenger stig dramatisk, det urovekkande er at me ikkje greier å få kurva ned, seier direktør i Nav i Rogaland, Truls Nordahl.

Arbeidsløysa er størst i Sola kommune med 5,5 prosent. I Eigersund og Sandnes er arbeidsløysa 5,3 prosent og i Stavanger 5,1 prosent.

Mange ledige ingeniørar

Det er innan yrkesgruppa ingeniør- og ikt-faga, og i industrien at arbeidsløysa er størst i Rogaland. Og for desse er det få ledige jobbar å søka på i oljefylket.

– Problemet vårt er at det ikkje kjem nok nye jobbar, slik at det er vanskeleg for dei som søker jobb å få tak i jobb, seier Nordahl.

Innanfor bygg- og anlegg er også arbeidsløysa stor. Men her har det vore ei positiv utvikling.

– Det er ei auke i talet på ledige stillingar innanfor bygg- og anlegg. Talet på ledige stillingar her er like høgt som innanfor helse- og sosial, og det er det lenge sidan me har sett, seier Nordahl.