Hopp til innhold

Flaumen drog av tolv bilskilt på éin dag

ÅLGÅRD (NRK): Vanlegvis er det Vegvesenet som avskiltar bilar, men her var det uvêret som tok på seg oppgåva.

Montasje ungergang/bilskilt

Vatnet i denne undergangen var ekstremt høgt onsdag kveld, og slukte heile tolv bilskilt.

Foto: Eugen Hammer/Gjesdalbuen

– Eg blei overraska! Eg såg berre bølga av vatn gjekk over panseret, seier Tor Bærland.

I onsdagsregnet køyrde han gjennom ein undergang i nærleiken av der han bur, og merka ikkje at noko datt av bilen.

– Du tenkjer jo ikkje på skiltet, seier han.

Uvêret herja i Sør-Noreg, og tok med seg trampolinar og forårsaka bussvelt. På Figgjo i Rogaland, gjekk det hardast utover bilskilta til mange bilistar.

Bærland var ein av dei, og fram til han såg eit bilete på Facebook, hadde han ingen aning om at skiltet hadde hoppa av bilen.

– Eg såg det ikkje før det låg på ei lokal Facebook-gruppe, fortel han.

Tor Bærland, med skiltholderen i handa.

Tor Bærland framfor undergangen, med skilthaldaren i handa. Det var først på sosiale medium han oppdaga kva som mangla på bilen.

Foto: PRIVAT

Skiltet til Bærland var slett ikkje det einaste som låg igjen i vassdammen under E39. Minst tolv skilt blei tekne av den høge vasstanden.

Med så mange eigarlause skilt, ringde han til politiet, som vart svært overraska over funnet.

– Dei skulle sende ein patrulje opp. Dei var nok redde for at bilskilta skulle hamne i feil hender, seier Bærland.

Elva Figgjo, med svært høg vassføring.

Kvar gong vatnet i elva stig, blir òg undergrunnen under europavegen fylt med vatn. Denne gongen var vatnet mykje høgare enn det som er vanleg.

Foto: Tor Bærland

Vore eit problem lenge

Bærland bur i området, og seier vatn i undergangen lenge har vore ei utfordring. Det pleier å stå ein varseltrekant for å åtvare bilistar, men dårleg lys gjer at det er vanskeleg å dømme kor djupt vatnet er.

– Det har vore vatn der tidlegare, men aldri så djupt, seier han.

Bente Egelandsdal mista òg bilskiltet då ho køyrde under brua i går kveld. I likskap med Bærland var det først på sosiale medium ho oppdaga at bilskiltet var vekk.

– Eg merka det ikkje då eg køyrde, men eg fekk melding av dottera mi i dag tidleg om at ho hadde sett bilskiltet på ei Facebook-gruppe, seier Egelandsdal.

Nye E39 hindrar løysing

Til Gjesdalbuen seier Vegvesenet at undergangen vil vere ein problem kvar gong vasstanden i elva stig.

– Når elva stig høgare enn undergangen vil vi få et problem her kvar gong. Undergangen kjem aldri til å bli betre, dessverre, seier Tor Skårland i Vegvesenet.

Ifølgje Skårland måtte dei då ha løfta heile vegen som ligg over.

– Det trur eg ikkje blir gjort med planane det er for nye E39. Eg kan ikkje gjere anna enn å beklage, seier han.