Hopp til innhold

Flaum sette campingplassen under vatn – skuldar på kraftselskap

Enorme mengder vatn gjorde at delar av campingplassen plutseleg stod under vatn. – Kraftselskapet kunne ha hindra dette, hevdar eigaren av campingplassen.

Drukna campingplass

Delar av campingplassen var ikkje til å kjenne igjen etter at vatnet hadde stige rekordmykje.

Foto: Sigurd Jarl Berge-Fidjeland

Saman med kona driv Sigurd Jarl Berge-Fidjeland campingplass i Sirdal i Agder. Torsdag steig vatnet i elva Sira så mykje at det sto høgt over campingplassen.

– Då såg me mørkt på det, for elva og campingplassen gjekk i eitt. Men me har vore utruleg heldige for berre ei campingvogn med spikartelt har fått store skader.

På campingplassen har dei 66 campingvogner, mange med spikartelt, som står heile året. Berge-Fidjeland meiner det berre er flaks at det gjekk så godt.

– Mange campingvogner blei for få år sida heva med ein halv meter. Dermed gjekk vatnet berre rundt seks centimeter over kanten på vognene denne gongen.

Han trur flaumen torsdag kunne vore unngått.

– Sira-Kvina kraftselskap leiker Vårherre for å spare nokre øre, og kunne gjort mykje meir med denne situasjonen.

Vassdraget er nytta til vasskraft og blir regulert av Sira-Kvina kraftselskap. Administrerande direktør Gaute Tjørhom avviser at dei ikkje gjorde nok.

Hytte halvvegs under vatn.

Store nedbørsmengder og rekordfulle vassmagasin skapte flaum i Sirdal. Campingplassen på Fidjeland blei hardt råka.

Foto: Sigurd Jarl Berge-Fidjeland

– Me klarer ikkje å hindre storflaum. Me har fordelt vatnet på dei vegane det er mogleg. Men nå blei det for mykje vatn.

Breiddfulle magasin

Ole Oftedal er ein av dei som såg at vatnet kom heilt opp til campingvogna si. Han trur i likskap med eigaren av campingplassen at låg straumpris har gjort at vassmagasina er breiddfulle.

– Sannsynlegvis kunne dei brukt hausten til å tappe magasina jamt og trutt, slik at ikkje alt kjem på éin gong, seier Oftedal.

Han har vore i kontakt med kraftselskapet, og vil understreke at det var ein god og høfleg tone i dialogen deira. Men Oftedal opplever at selskapet ikkje har teke omsyn til kva konsekvensane ville bli.

– Då går jo profitten føre oss på campingplassen, og det synest eg er utruleg trist, seier han.

Sjå kor store krefter som var i sving

Etter store nedbørsmengder flommer elva Sira over ei bru nær Tjørhom i Sirdal.

Etter store nedbørsmengder flaumar elva Sira over ei bru nær Tjørhom i Sirdal.

Betalar for å levera straumen

– Me betaler faktisk for å få lov til å levere straumen, for nettopp å lede vatnet gjennom tunnelane til kraftverket og ikkje berre nedover elva. Me har klart å dempa flaum, men storflaumen klarer me ikkje å hindra når det er fullt i magasina, seier Tjørhom.

Sira-Kvina kraftselskaper har regulert elva Sira i nærare 60 år. Tjørhom meiner folk har gløymt kor mykje flaum det var før den tid.

– Eg vil sei at det nå er bygd for nær elveløpet. Det gjeld både bruer, campingvogner og hytter som dermed er flaumutsette.

Spikertelt oversvømt.

Slik såg delar av campingplassen ut etter at vatnet hadde stige dramatisk.

Foto: Sigurd Jarl Berge-Fidjeland

Kraftselskapet har fulle magasin

Administrerande direktør i Sira-Kvina kraftselskap meiner det er lite dei kan gjere for å betre situasjonen.

– Vêrgudane, dei styrer sjølv. Me kan berre avgrense flaumar fram til ei viss grense.

I 2017 oppstod ein liknande situasjon. Tjørhom forstår dei kraftige reaksjonane.

– Ingen av oss ville likt at det ein eig og har blei fylt med vatn, men det er òg viktig å tenke Sira-Kvina ikkje kan hindre flaum.

Han seier at reguleringskapasiteten deira rett og slett er oppbrukt.

– Me har fulle magasin, og me prøver så godt me kan å sjonglere og balansere det etter beste evne, seier Tjørhom.

Nybygg under vatn

Eit nybygg står i vatn etter flaumen.

Foto: Sigurd Jarl Berge-Fidjeland

Rekordnivå i heile Noreg

Det er ikkje berre kraftselskapet i Sirdal som melder om vassmagasin fylte til randa. Ein fersk rapport frå Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, viser at vassmagasina i Noreg var 94 % fulle i veke 46.

– Nivået i vassmagasina i Noreg er no på eit rekordhøgt nivå. Det er meir vatn enn det har vore dei siste 20 åra på denne tida av året, seier fungerande seksjonssjef i NVE, Valentin Koestler til NRK.