Hopp til innhold

FKH stiller mannsterke i Polen

Det blir mellom 40 og 50 FKH-supporterar som skal sjå laget sitt i aksjon i Polen på torsdag. – Fantastisk, seier FKH-trenaren til Haugesunds avis.

FK Haugesund fans, supportere

Fleire frå supporterklubben Maakeberget reiser til Polen for å sjå 2. kvalifiseringsrunde i Europaligen. FKH vann kampen på heimebane, og har gode sjansar til å ta seg vidare.

Foto: Tommy Ellingsen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

– Me blir om lag 40–50 supporterar som reiser, seier Maakeberget-leiar Arild Flesjå til Haugesunds avis.

Det er ikkje akkurat nok til å setja nemneverdig preg på Stadion Miejski, som har plass til om lag 45.000 tilskodarar, men FKH-trenar Eirik Horneland meiner at det er svært positivt å få med så mange supporterar.

Han meiner at Maakeberget er viktige for klubben, og at det kan gjera ein forskjell at dei er med.

– Ekstra styrke

– Me kjem til å sjå dei. Det gir oss ein ekstra styrke det også – å vita at du har folk med deg, seier Horneland til avisa.

FKH har gode moglegheiter til å ta seg vidare mot den polske klubben etter at dei vann 3–2 på heimebane. Og dersom dei gjer det seier Horneland til NRK at han trur det er ein god sjanse for å ta seg vidare til sjølve Europaligaen.

Då møter dei i så fall vinnaren av Utrecht frå Nederland og Valletta frå Malta, der Utrecht er store favorittar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..