Hopp til innhold

FKH skal få det betre i år

FK Haugesund skal bruke 20 prosent meir på løn til spelarar og trenarar i år, samanlikna med fjoråret. Det lovar avgåande styreleiar Leiv Helge Kaldheim til Haugesunds avis. 2021 var eit uår for FKH, seier Kaldheim, som lovar at nå skal klubben gradvis byggjast opp igjen. Det er avtalen med Haugesund kommune med ei løysing på stadionleigegjelda og den nye TV-avtalen, som gjer at FKH skal få betre økonomi i år, seier Kaldheim.

Leiv Helge Kaldheim
Foto: Gisle Jørgensen / NRK