Hopp til innhold

– Slik fotballåret har vore, må du nesten rekna med ein halv meter snø

I eliteserien må det i år spelast kampar til langt ut i desember. For FK Haugesund kan det bety at dei siste heimekampane må spelast på bortebane.

John Harald Log, dagleg leiar i FK Haugesund

LITT PESSIMIST: Sidan lite har gått fotballen sin veg i år, fryktar dagleg i FK Haugesund, John Harald Log, at det blir snø i slutten av sesongen. Og då kan ikkje kampane bli spelt heime.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– For første gong på mange år så fryktar eg at det blir ei kvit jul, seier dagleg leiar i FK Haugesund, John Harald Log.

Det tredje lyset i adventsstaken vil vera tent når siste runde av årets eliteserie blir spelt. Koronapandemien førte til at toppfotballen måtte utsetja seriestarten. På herresida blei løysinga å spela kampar heilt fram til 19. desember.

For FK Haugesund skal siste heimekamp etter planen spelast på Haugesund stadion tre dagar før, 16. desember. Men dersom vinteren kjem for alvor, kan det bli vanskeleg å halda grasmatta grøn og bana spelbar.

John Harald Log, dagleg leiar i FK Haugesund

Dagleg leiar i FK Haugesund, John Harald Log.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Viss det er snø eller frost i bakken, må me ha eit alternativ dei siste heimekampane, seier Log.

Kan ikkje moka på naturgras

FK Haugesund er blant dei få laga i eliteserien som framleis har naturgras. Graset har fått røynt seg i eit tett kampprogram. Dersom snø legg seg på bana, vil det bli øydelagd om ein bruker tunge maskiner for å moka.

Bruno leite under NM-finalen i fotball for herrer mellom Haugesund og Viking på Ullevaal stadion 2019

SNØBALL: Visst kan det vere snø på bana før ein fotballkamp, slik som da Bruno Leite og resten av FK Haugesund møtte Viking til cupfinale i Oslo i 2019. Men tett kampprogram gjer at graset i Haugesund ikkje toler moking i år.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Vanlegvis er det regn og nordavind som kjenneteiknar vintrane i Haugesund. Likevel er Log litt pessimistisk. Og det er kanskje ikkje så rart: I 2020 er det mykje som har vore utanom det vanlege.

– Slik fotballåret 2020 har vore så langt, må du nesten rekna med at det er ein halv meter snø 16. desember. Ingenting har jo gått vår veg dette året, seier den daglege leiaren.

Må leita etter alternativ

Dersom så blir tilfelle, må kampane spelast andre stadar. Og det kan ikkje vera kvar som helst. Det må vera på ein stadion som oppfyller krava for spel i eliteserien.

Som Haugesunds Avis var først ute med å skriva, kunne alternativet ha vore Stavanger eller Bergen. Utfordringa er at alle kampane i dei to siste serierundane skal spelast samtidig.

Ei løysing kan vera å låna stadion til Sandnes Ulf, som spelar i Obosligaen, ifølge Log. Men ingenting er så langt avgjort.

John Harald Log, dagleg leiar i FK Haugesund

STRÅLANDE: Måndag var Haugesund stadion bada i sol, utan eit snøfnugg i sikte. Klubben er uroa for at det vil sjå annleis ut i desember.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Tysdag skal klubben ha eit møte med Norges Fotballforbund (NFF) for å diskutera situasjonen.

NFF skriv til NRK at dei kjenner til at det er fleire klubbar som er uroa for at det kan bli vanskeleg. Men det er berre FK Haugesund som så langt har tatt kontakt med dei direkte.

Heimebane kan bli avgjerande

I skrivande stund ligg FK Haugesund på 13.-plass på tabellen. Mykje kan stå på spel når serien går mot slutten.

Det vil difor vera ekstra surt om dei då ikkje får fordelen av å spela heime, seier Log.

– Slik det ligg an nå, kan det fort bli avgjerande kampar for oss på slutten. Og me vil jo helst spela heime når me kan.

Laster innhold, vennligst vent..