Hopp til innhold

FKH blei stifta

Sjå innslaget frå 1993 – då Haugar og Djerv blei til FK Haugesund, medan Vard valde å stå utanfor.

Sjå innslaget frå 1993 – då Haugar og Djerv blei til FKH, medan Vard valde å stå utanfor.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i TV-Rogaland 6. oktober 1993.

FK Haugesund kunne i år feira 20 årsjubileum. Og for eit jubileumsår det blei!

For første gong i laget si korte historie tok dei medalje i eliteserien. På bronseplass bak Strømsgodset og Rosenborg kom Haugesund med 51 poeng. I NM kjempa dei seg heilt fram til ein semifinale, der dei tapte 2–1 mot Rosenborg.

I Rogaland retro-videoen kan du sjå innslaget som blei laga i 1993 om stiftinga av FK Haugesund. Haugesundlaga Djerv og Haugar blei slått saman til FKH. Det tredje haugesundlaget, Vard, valde å ikkje bli med i samanslåinga.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK