Hopp til innhold

200 grisar døydde i fjøsbrann

Brannen i eit fjøs i Suldal er no sløkka, men fleire hundre grisar har brunne inne.

300 grisar mista livet då det byrja å brenne i eit grisehus i Suldal.

Brannvesenet klarte torsdag kveld å sløkka brannen i eit fjøs og eit grisehus ved Erfjord i Suldal, men bygga er totalskadde.

Torsdag kveld klokka 22.40 melde brannvesenet at brannen vart sløkka.

– Brannvesenet har heldt vakt på staden i natt, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Andre Skram Hansen, til NRK.

Om lag 200 grisar daude i brannen, medan om lag 80 vart redda ut i live. Også 12 storfe vart redda.

– Det ligg fem skadde grisar inne i grisehuset, og dei vil bli avliva, sa operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Tore Frøyland-Jensen, til NRK torsdag kveld.

Det var klokka 17.25 at politiet fekk melding om at det brann i eit grisehus ved Nattlandsvatnet aust for Erfjord i Suldal.

Men sløkkingsarbeidet vart vanskeleg, og både fjøset og grisehuset er totalskadde.

– Det var overtent då første brannbil kom til staden, og det blei tidleg konstatert at mange dyr truleg var daude, seier innsatsleiar på staden, Kjetil Nesbu.

Kjetil Nesbu

Innsatsleiaren på staden, Kjetil Nesbu, fortel at mange naboar hjelpte til.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det blei jobba knallhardt av det lokale brannvesenet for å avgrense skadane på bygningar og dyr, og dei har gjort ein god jobb. Det var mykje ressursar til stades. Ikkje minst var det mange lokale bønder og naboar som kom med utstyr og arbeidsvilje, seier Nesbu.

Frivillige hjelpte mellom anna til med å redda ut fleire av grisane som var i grisehuset.

Det er ikkje meld om personskadar, forutanom ein 15 år gamal gut som fekk i seg noko røyk. Han har blitt sjekka, og er i fin form.

300 grisar døde, medan 139 vart redda ut i live, då det brann i eit grisehus i Suldal

Fleire kyr har blitt evakuerte

Ein knapp time seinare melde politiet at brannen hadde spreidd seg til eit fjøs like ved. I dette fjøset var det fleire kyr, men desse skal ha kome seg ut.

– Det var ein del storfe som allereie var ute då det byrja og brenna, og dei som var inne blei jaga ut. Me har ikkje vore inne i fjøset og undersøkt, men ting tydar på at alle kyrne har kome seg ut utan å bli skada, seier Frøyland-Jensen.

Gjer undersøkingar på staden

Politiet jobbar no med å finna årsaka til brannen.

– Me er i gong med den taktiske undersøkinga. Me gjer avhøyr med folk som oppdaga brannen, og folk som har vore med på sløkkingsarbeidet, seier Frøyland-Jensen.

Politiet har også sendt inn ekstra ressursar.

– Fredag vil etterforskinga gå vidare til Sauda og Suldal lensmannskontor, og kriminaltekniske undersøkingar vil bli gjennomførte så snart det let seg gjera, seier operasjonsleiaren.

Mange griser omkom då det byrja å brenne i eit fjøs i Suldal.