– Det er vanskeleg å nekte for søppelsmugling etter å ha sett dokumentaren. Eg innrømmer at dette er last som vi ikkje burde ha om bord på fartøya våre, seier Rickard Ternblom, administrerande direktør i Fjord Line.
I Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne», som vart vist på NRK i går, blir det avdekt omfattande smugling. Ulovleg elektronisk avfall blir i stor stil stappa i bilar og eksportert til Afrika for vidare sal. Bakmenn i Noreg kan tene millionar på å frakte bilvrak ut av landet.
Ulovleg søppel på båt
Omfanget av smuglinga er stort i Bergen, Haugesund og Stavanger. At bilar med ulovleg søppel blir frakta med Fjord Line, var ikkje reiarlaget klar over.
– Fram til no har eksportdokumenta vore i den skjønnaste orden. Men vi ser ikkje inn i bilane, seier Ternblom.
Det norske reiarlaget Fjord Line fortel at dei ikkje har myndigheit til å gjere noko med bilane etter at dei er gått gjennom norsk toll og frakta om bord på fartøya deira. Er bilane låste, og reiarlaget ikkje har direkte innsyn, kan dei berre kontrollere køyretøya frå utsida.
– Dette er eit tillitsforhold. Når vi skal gjere ein eksportdeklarasjon, så er det kunden som opplyser oss om kva godset eller sendinga inneheld. Det er berre toll og politi som har lov til å kontrollere at deklarasjonane stemmer. Og der ligg kanskje dilemmaet, seier Ternblom. Han legg til:
– Det er vanskeleg å ta sjølvkritikk når vi har følgt reglane. Det er veldig mange bilar som skal undersøkast. Og klarer ikkje tollen det, så klarer ikkje vi det heller.
Samtidig kan Fjord Line sjølv bestemme kva for eit gods dei ønsker å frakte. No vil reiarlaget gjere det dei kan for å tette eventuelle hol i kjeda av ulovleg søppelsmugling.
– Denne typen last rimar ikkje med miljøprofilen vår, og vi takkar no nei til transport av det som blir vist i dokumentaren, altså openbert slitne bilar med tildekte vindauge. «Normal» bileksport, som ikkje har sota vindauge og som det er lett å kontrollere innhaldet til, er framleis velkommen om bord, seier Ternblom.
– Vi må rydde opp
Sjøfartsdirektoratet meiner ein bør sjå på lovverket, og truleg endre lova.
– Vi er nøydde for å sikre oss for at dette ikkje skjer. No er det tid for å ta ansvar, seier Lars Alvestad, fungerande sjøfartsdirektør.
Han meiner både Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har eit ansvar. Saman vil dei sikre at reiarlaga veit kva dei har med seg.
Samtidig vil Alvestad at reiarlaga bør ta meir ansvar, og varslar hyppigare havnestatskontrollar og umelde tilsyn.
– Vi vil definitivt ansvarleggjere reiarlaga ved at dei gjer risikovurderingane sine når dei tar om bord denne lasta, sånn at dei er sikre på kva dei har med seg, seier han.
Sjå dokumentaren «Søppelsmuglerne» her: