NRK Meny
Normal

Lét miner og piggtråd ligga

Forsvaret kjem likevel ikkje til å fjerna miner og piggtråd frå Åkrasanden på Karmøy i år.

Mine sprengt på Åkrasanden, Karmøy

I fjor sommar blei det funne tre mineliknande gjenstandar i løpet av fire dagar på Karmøy. Her blir den eine sprengt av Forsvaret på Åkrasanden.

Foto: Kristian Eidesvik

Både politiet, Friluftsrådet Vest og ei rekkje andre offentlege etatar har vore på synfaring på Åkrasanden. Konklusjonen er at piggtråden og eventuelle miner ikkje utgjer nokon fare.

– Ein kom fram til at inntil vidare er det såpass dekka til at ein ikkje går i gang med noko gravearbeid der nå i år, seier politioverbetjent Trygve Johan Mørch ved Karmøy lensmannskontor.

– Ingen fare

I løpet av dei siste åra har vinden og straumen skylt vekk masse sand, slik at både miner og piggtråd har kome til syne. Berre i fjor blei det funne tre miner på Åkrasanden.

Men i løpet av hausten og vinteren har sanden kome tilbake, slik at all piggtråden og eventuelle miner ligg langt nede i sanden.

Dermed skal det vera trygt å bruka Åkrasanden, ifølge politioverbetjent Mørch.

– Det er ingen fare å bevega seg ut til stranda. Problemet i fjor var at piggtråden som kom fram kunne gjera skader. Minene veit ein ikkje kor er, og dei ligg nedgravne, så det er ingen fare med dei.

Har fått tilgang til gamle minekart

Samtidig skal Hæren på synfaring i løpet av sommaren for å sjå nærare på sanddynene som ligg bak stranda.

Via Riksarkivet har Hæren tilgang til mineleggingskarta tyskarane laga under 2. verdskrig og mineryddingskartet engelskmennene laga etter krigen.

Desse skal nå bli gått gjennom nøye og samanliknast med dagens kart, for å sjå om det går an å finne fleire miner.

– Med kartlegginga vil ein kanskje finna litt meir svar. Det beste er å kartlegga dette nøyaktig. Dersom sandforholda forandrar seg igjen, må ein nytta sjansen til å rydda opp, seier politioverbetjent Trygve Johan Mørch ved Karmøy lensmannskontor.