Fiskar funnen død

Den 60 år gamle fiskaren som har vore sakna utenfor Skudeneshavn sidan tysdag, blei i dag funnen død av ein miniubåt.

Havari Skudenes

Den havarerte båten dreiv inn i fjæresteinane.

Foto: Tor Andre Johannessen

Det var kystvaktskipet KV «Tor», som ved hjelp av ein miniubåt fann mannen ved den havarerte fiskesjarken i dag.

60-åringen er send til Gades institutt i Bergen for obduksjon og sikker identifisering, opplyser politiet.

Statens havarikommisjon og forsikringsselskapet som båten var forsikra i vil i løpet av laurdag prøva å få den havarerte sjarken på land.

Sjarken var på veg frå Egersund inn til Skudeneshavn då forliset skjedde. Fiskaren hadde radiokontakt med ein annan fiskebåt ved 13.00-tida tysdag. Meldingane om ein havarert sjark kom ein time seinare, då ein person observerte båten drivande med kjølen i véret.

Les også:

Mann savnet sør for Karmøy

Livløs person sett i sjøen