NRK Meny

FISKAR FRAMLEIS IKKJE FUNNEN:

Hovudredningssentralen Sør-Norge, HRS, har i natt heldt fram søket etter ein fiskar som blei meldt sakna utanfor Hellvik i Eigersund i går kveld. Men så langt har dei ikkje lukkast med å finna fiskaren eller den 26-fot lange båten som han tok ut med fredag føremiddag. Helikopteret har hatt pause frå leitearbeidet dei siste timane, men når det lysnar vil det bli sett inn i søket att fortel vakthavande redningsleiar i HRS, Jan Lillebø.