Fiskaa sluttar som statssekretær

Ingrid Fiskaa (SV) slutta i dag som statssekretær i Utanriksdepartementet.

Statssekretær i UD, Ingrid Fiskaa (SV)

Ingrid Fiskaa vil satsa på læraryrket.

Foto: LUIS GALDAMEZ / Reuters

I ei pressemelding frå SVs Stortingsgruppe annonseres det at Ingrid Fiskaa frå Bryne slutar som statssekretær i Utanriksdepartementet.

– SV har fornya laget i regjering og no er rett tidspunkt for meg å starta med det eg har mest lyst til å gjera i livet, nemleg å jobba som lærar, seier Fiskaa i pressemeldinga.

Ho vart utnevnt til statssekretær i oktober i 2009.

– Eg har vore privilegert og fått jobba med viktige saker der Noreg har ei internasjonal leiarrolle, som arbeidet mot skatteparadis og kapitalflukt frå utviklingsland og for kvinner og jenters rett til å bestemma over eigen kropp, seier Fiskaa.

Ifølgje pressemeldinga held ho fram i SV sitt sentralstyre og internasjonale utval.

– Arbeidet i Utanriksdepartementet har gitt meg ei viktig erfaring som eg tar med meg vidare, både i jobben som lærar og verva eg har i partiet, seier ho.