NRK Meny
Normal

Fire vil byggja E39 Hove-Sandved

Fire entreprenørar vil ja jobben med å byggja ut E39 mellom Hove og Sandved til eit firefeltsveg.

E39 Sandnes

I juni 2010 opna firefeltsvegen på E39 mellom Sandved og Stangeland i Sandnes. No ligg neste utbyggingsbit på bordet.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

Den 1.550 meter lange strekninga mellom Hove og Sandved i Sandnes skal byggjast om frå to til fire felt. 1.300 meter av fylkesveg 325 Jærveien og riksveg 13 på Hove blir bygd om.

I tillegg blir det bygd ny Kvelluren bru, to nye bruer på motorvegen og ombygging av kryssa på Hove og Sandved, samt bygging av støyskjermar.

Dei fire entreprenørane som vil ha oppdraget er:

  • Skanska Norge AS
  • Bertelsen & Garpestad AS/Hag Anlegg AS
  • Kruse Smith Entreprenør AS/Risa AS
  • Stangeland Maskin AS

Det er Skanska Norge AS som har levert det lågaste tilbodet. Dei vil ha 330 millionar for å byggja vegen.

– Me er godt nøgde med fire anbydarar, No skal me bruka dei neste fire-fem vekene til å vurdera og kontrollrekna tilboda, så får me sjå kven som får kontrakten, seier prosjektleiar Leif Lindefjeld i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Statens vegvesen reknar med anleggsstart rundt påsken 2015. Prosjektet skal vera ferdig i juni 2017.