NRK Meny
Normal

Fire skadde i Vindafjord

Fire personar er frakta til sjukehus etter ein front mot front kollisjon på europaveg 134 ved Solheim i Vindafjord. Vegen er nå rydda. 

 

Bilulykke Solheim i Vindafjord
Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Det er to personbilar som har kollidert, etter at den eine av bilane mista veggrepet i ein sving, og hamna i feil køyrefelt.

Alle dei fire er ved bevissthet, men det er ennå usikkert om nokre av dei har alvorlege skader.

Ulukka skjedde klokka halv åtte. Vegen er nå open, men trafikken blei regulert av politiet i ein time etter ulukka, opplyser operasjonsleiar Svei Roald Vikse i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.