NRK Meny
Normal

Fire kommuner har ikkje funne lokale til asylsøkjarar

22 av Rogalands 26 kommunar har meldt frå at dei har lokale for innkvartering av asylsøkjarar. Sola, Gjesdal, Bokn og Utsira er dei fire som ikkje har egna lokale.

Flyktningar kjem til Haugesund lufthamn Karmøy

KORT VARSEL: 170 flyktningar kom til Haugalandet tysdag. I midten av november kjem fleire til Stavanger, og endå fleire på kort varsel kan det bli utover hausten.

Foto: Thomas Halleland / NRK

I går kom 170 flyktningar til Haugalandet med fly frå Finnmark. I går vart det også kjent at Hotell Alstor i Stavanger opnar dørene for 250 asylsøkjarar frå den 16. november. Flyktningkrisa skapar eit stort behov for å finna eigna stader til å innkvartera asylsøkjarane her i landet, også i Rogaland. Fylkesmannen har difor bede kommunane om å svara på kvar dei kan innkvartera asylsøkjarane. 22 av 26 kommunar har husrom.

– Det er litt forskjellig. Blant anna er nedlagde sjukeheimar, leirskular og Røde Kors-hus meldt inn. Det er mange forskjellige typar bygg, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.

Fire utan husrom

Men fire av kommunane i Rogaland har meldt tilbake at dei ikkje har tilgjengelege lokale for asylsøkjarane. Det er Sola, Gjesdal, Bokn og Utsira.

Reidar Johnsen, beredskapssjef i Rogaland fylkeskommune

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg trur at kommunane har vurdert dette etter beste evne, og at nokon kommunar ikkje har meldt inn konkrete bygg tek eg til etterretning, seier Johnsen.

– Har ikkje alle kommunar eit ansvar i denne situasjonen?

– Eg trur alle kommunane, etter beste evne, har sett om dei har bygningar som kan brukast, seier Johnsen.

– Ingenting som egnar seg

– Slik me ser det, så er det ingen lokale som egnar seg som innkvartering som varer i til dømes tre til seks månader, seier beredskapsansvarleg Eva-Maria Gärtner i Gjesdal kommune.

Gjesdal har likevel sagt at Kongeparken camping kan vera ei moglegheit til naudinnkvartering. I så fall må det på plass ein avtale med eigarane.

– Me bidreg med det me har moglegheit til å bidra med, men me har som sagt ingen nedlagde lokale som kan brukast til å husa flyktningar eller asylsøkjarar over ein lengre periode, seier ho.

Kan husa 150 i Hanahallen i Sandnes

Fylkesberedskapssjef Johnsen seier det no er UDI som vurderer innspela til kommunane.

– Det er UDI som vurderer om dei (bygningane, red.anm.) er egna, om dei er store nok og om dei ligg på ein plass som ikkje er alt for langt ifrå kommunesenter og legetenester. Så vil dette bli vurdert opp mot andre tilbod UDI får frå private aktørar, seier Johnsen.

Sandnes kommune er ein av kommunane som har sagt at dei kan ta i mot asylsøkjarar på kort varsel. Hanahallen er ein av dei, fortel beredskapssjef i Sandnes, Torbjørn Corneliussen.

– Her i Hanahallen kan me husa 150 asylsøkjarar ved behov, og Sørbøhallen er også mogleg å bruka. Me har sett på andre moglegheiter også, men det er her det er plass til flest personar, seier Corneliussen.

Torbjørn Corneliussen, beredskapssjef i Sandnes

STÅR KLARE: Torbjørn Corneliussen, beredskapssjef i Sandnes, utanfor Hanahallen.

Foto: Magnus Stokka / NRK