Hopp til innhold

Fire innbrot i Stavanger og Sandnes

I løpet av natta og morgonen har det vore innbrot på fire ulike stadar i Stavanger og Sandnes. Tre personar er arresterte, medan ein framleis er på frifot.

Innbrot hos Soundgarden

FLEIRE INNBROT: Soungarden i Sandnes er ein av stadane det har vore innbrot i løpet av natta og morgonen.

Foto: Ronny Hjertås

Klokka 06:48 fekk politiet melding om at nokon hadde brote opp ein låst container, i Vågsgata i Sandnes. Fleire PC-ar er stolne.

– Me har ein mistenkt i saka, men me har førebels ikkje pågrepe nokon, seier operasjonsleiar Kjetil Føyen.

Avslørt av kamera

Ein time tidlegare fekk politiet melding om innbrot i butikken Soundgarden på Sandnes.

Tjuven stal med seg ein platespelar.

Eit overvakingskamera fanga opp bilete av tjuven, det var ein kjenning av politiet og han vart pågripen og sett i arresten kort tid etter, fortel operasjonsleiar Kjetil Føyen.

Laster Twitter-innhold

Stal våtdrakt

I Stavanger rykka politiet ut til eit bustadhus i Vålandsbakken rundt kl. 05:30. Ein person hadde brote seg inn og stole ei våtdrakt. Ein mann i 30-åra vart pågripen og er sett i arresten.

Det fjerde innbrotet skjedde på Kampens plass i Stavanger. Politiet fekk melding om eit knust vindauge i eit bustadhus. Ein mann i 40-åra er pågripen for innbrotet.