Hopp til innhold

– Uvanleg mange fuglar på ville vegar

Svært sjeldne fugleartar har den siste tida blitt observert på Vestlandet. Fuglekikkar Jan Kåre Ness frå Haugesund trur at det uvanleg sterke høgtrykket i haust kan vera årsaka.

Bieter

BIETER: Denne bieteren blei førre veke observert på Skudeneshavn på Karmøy. På det meste har det vore fire stykk av denne sjeldne arten her, saman med mange andre sjeldne arter.

Foto: Oskar K. Bjornstad

I fuglemiljøet blir det kalla det ei «bombe» når ein uvanleg fugl er observert og registrert, og fuglekikkarar over heile landet engasjerer seg. Førre veke gjekk det av fire slike bomber på Vestlandet.

Den største var då det blei observert s teppeørn på Haugalandet. Ein rovfugl som vanlegvis held til aust og nord for Det kaspiske hav.

– Då me fekk melding om steppeørna i Skudeneshavn onsdag kveld tok det heilt av. Folk ringde og sende SMS-ar frå rundt om kring i heile Noreg, fortel fuglekikkar Jan Kåre Ness.

– Historisk veke

Sjølv kom han seg ut og fekk fanga den sjeldne gjesten på kamera. Steppeørn er berre registrert ni gonger tidlegare i Norge, men den var likevel ikkje den einaste bomba i fuglemiljøet denne veka.

– Det var ei historisk veke. Eg har aldri vore med på liknande på desse kantar. Det var nesten melding om ei ny bombe kvar dag, og det blei vanskeleg for meg å prioritera, seier han.

Dette er dei sjeldne fuglane som blei observerte:

  • Steppeørn

Observert i Skudeneshavn på Karmøy. Fugleart i haukefamilien som hekkar frå Svartehavet og Kaspiske hav austover til Sentral-Asia.

Laster Twitter-innhold
  • Bieter

Tre av desse fuglane blei observert i Skudeneshavn på Karmøy. På det meste har det vore fire stykk av den sjeldne arten her. Det var Oskar K. Bjørnstad som tok dette bilete. Arten hekkar i Sør-Europa, Nord-Afrika og Sørvest-Asia.

Bieter

Fuglekikkar Oskar K. Bjørnstad fekk teke fleire flotte bilete av bieterane på Karmøy.

Foto: Oskar K. Bjornstad
  • Mongolturteldue

Måndag kveld kom det inn melding om turtelduer på Nedstrand. Det viste seg at det var mongolturtelduer. Den er veldig sjeldan og gjester tilfeldig Europa frå hekkeområda i Sentral- og Aust-Asia.

Mongolturteldue

ARKIV: Dette bilete er frå 2012 då denne mongolturteldua blei observert i Surnadal.

Foto: Kai Helge Andersen
  • Silkehegre

Denne er utbreidd over store delar av Sør-Europa, Sør-Asia og Afrika. I førre veke blei den observert på Kårstø i Tysvær.

Sjelden gjest i Norge, silkehegre, her på Batnfjordsøra i Gjemnes

ARKIV: Også silkehegre er ein sjeldan gjest i Norge. Dette bilete er frå Batnfjordsøra i Gjemnes.

Foto: Kjell Sæther

Feil med kompassnåla

Noko fasitsvar på kvifor det er så mange sjeldne fugleartar som den siste tida har forvilla seg opp til Vestlandet har ikkje Jan Kåre Ness. Men han kan tenka seg at det kanskje er noko med vêret som forvirrar den indre kompassnåla til fuglane.

– Hausten har jo vore flott med mykje høgtrykk, og det har vore relativt varmt. Det kan henda at fuglane har blitt lurte av dette og reist litt feil. Kvart år ser me at fuglar er på ville vegar, men i år ser me at det har vore temmeleg mykje meir, seier Ness.