Hopp til innhold

Fire felt på E39

Klokka 07:00 i dag opnar E39 med fire felt mellom Hove og Sandved. Prosjektleiar Per Ove Stokkeland i Statens vegvesen uttaler i ei pressemelding at dette er ein merkedag. Og at framkomsten og trafikktryggleiken for trafikantane no blir mykje betre. Den offisielle snorklippinga skal skje i oktober.