Dagleg leiar Jan Terje Vignes viser stolt fram Lauvsnes Gartneri på Finnøy. Dei er i full gang med å kvitte seg med propangass som oppvarmingskjelde.
No er det rein fornybar energi som blir tatt i bruk for å halde dei 30.000 kvadratmeter store veksthusa med lys og varme.
– Anlegget skal bli heilt fossilfritt. Eg har tru på at dette er framtida for alle veksthus, ja i heile verda. Det er ein liten verdssensasjon vil held på med, slår Jan Terje Vignes fast.
Dagleg leier Jan Terje Vignes i Lauvsnes Gartneri på Finnøy i Ryfylke og rådgivar Håkon Person i Multiconsult ser for seg ei fossilfri øy om få år.
Foto: Erik Waage / NRKLauvsnes Gartneri har funne løysinga si.
Men no viser det seg at heile Finnøy kan bli sjølvforsynt med straum, og samtidig kutte alle fossile energikjelder.
Som propan, som veksthusa bruker til oppvarming.
Sjølvforsynt med straum
Konsulentselskapet Multiconsult har utarbeidd ein rapport for Stavanger kommune. Her blir det kategorisk konkludert med at det er fullt mogleg å gjere Finnøy sjølvforsynt med straum, og i tillegg skaffe nok straum til å erstatte dei fossile energikjeldene.
Rådgivar Håkon Person i Multiconsult meiner det vil vere bra for både miljøet og lommeboka å gjere Finnøy sjølvforsynt med straum og erstatte fossile varmekjelder.
Foto: Erik Waage / NRK– Studien vår viser at dette er fult mogleg, og at det til og med er fleire måtar å gjere det på. Det skal berre produserast ei viss mengd straum og varme frå fornybare kjelder. Finnøy har nok av både sol- og vindressursar, seier rådgivar Håkon Person i Multiconsult.
21 fotballbanar med solceller
Ei kartlegging av bygningane på øya i Ryfylke viser at det er 150.000 kvadratmeter med tak som kan dekkast med solcellepanel. Dette svarer til arealet til 21 fotballbanar.
Ein stor vindturbin, eller fleire små, vil også gi eit vesentleg bidrag for å dekkje inn straumbehovet på tomatøya. (Sjå tabell).
Studien frå Multiconsult viser at overgangen til sjølvforsyning av straum, og å fjerne dagens fossile varmekjelder, er lønnsam.
– Prisen for straum frå solceller og vindturbinar kan konkurrere med den prisen som vi forventar på straum framover. Vi peikar på fleire moglegheiter. Det er ikkje éi løysing, men fleire som kan veljast ut frå kva som passar kvar enkelt, seier Person.
Løysingane som Multiconsult har rekna på i studien, viser at det blir behov for investeringar på rundt 400 millionar kroner.
Kan vere mogleg innan fire år
Lnett (nettselskapet til Lyse) jobbar med å forsterke straumnettet i Stavanger-området. Dette er ein føresetnad for å lykkast med det grøne skiftet på Finnøy.
– Det burde vere mogleg å komme i mål med straumproduksjonen i 2026. Når det gjeld å erstatte dei fossile kjeldene som blir brukte til oppvarming, så er det berre å få det gjort med ein gong, seier Person.
Lokalpolitikar Birger Wikre Hetland er begeistra over framtidsutsiktene som Multiconsult peikar på i rapporten sin. Han ser ingen hindringar, berre moglegheiter, viss det blir eit godt samarbeid mellom Stavanger kommune, innbyggjarane og kraftselskapet Lyse.
Birger Wikre Hetland (Sp), leiar i Finnøy kommunedelsutval i Stavanger, vil gjere Finnøy klimanøytral.
Foto: Erik Waage / NRK– Det er nettopp på Finnøy dette bør skje. Her har vi alltid vore framoverlent, her tenkjer vi nytt og ønskjer å vinne alle konkurransar. Vi finn alltid løysingar, og det skal vi gjere denne gongen òg, seier Hetland.
Bonden utolmodig
Han trur det ikkje blir stor motstand, sjølv om det kjem tusenvis av kvadratmeter med solcellepanel, og vindmøller.
– Vi skal ikkje plassere vindmøller eller solceller slik at dei står i vegen for nokon. Vi skal finne dei gode løysingane, så dette kjem til å gå heilt fint, seier Birger Wikre Hetland (Sp), leiar av Finnøy kommunedelsutval.
Tomatprodusent Jan Terje Vignes meiner det hastar med å komme i gang med å gjere Finnøy endå grønare.
Foto: Erik Waage / NRKTomatprodusenten på Lauvsnes håpar at dei viser veg mot ei fossilfri veksthusnæring på øya, og at dette vil hjelpe andre til å tore å satse.
– No må vi ikkje dvele, men komme i gang. Tenk at grøne Finnøy kan komme på kartet også på denne måten, og ikkje berre på grunn av tomatane, avsluttar Jan Terje Vignes.