NRK Meny
Normal

Finnøy får sine første flyktningar

Finnøy skal ta imot opp mot 20 flyktningar dei neste tre åra.

Judaberg

Finnøy får sine første flyktningar har kommunestyret bestemt. Dei skal busetjast i nærleiken av Judaberg.

Foto: Trude Eggebø

Det bestemte kommunestyret i Finnøy onsdag kveld – med ei stemme imot (Frp).

Dermed imøtekjem Finnøy oppmodinga frå integrerings- og mangfaldsdirektoratet, også kalla IMDI.

Kommunen skal også tilsetja ein flyktningkonsulent. Stillinga blir lyst ut straks og mottaket av flyktningane skal etter planen skje første kvartal 2015.

SV: – Kjempeglad

Dette blir første gongen øykommunen tar imot flyktningar. Ei svært viktig avgjersle, meiner Vibeke Meling frå SV i Finnøy.

– Eg er kjempeglad for dette. Denne dagen har eg venta på lenge, seier ho.

Heidi Skifjell frå Venstre er også glad for avgjersla.

– Dette var på høg tid. Me er ein av få kommunar i Rogaland som ikkje tar imot flyktningar i dag.

Frp: – Dette bør større kommunar ta seg av

5700 flyktningar som har fått opphald i Noreg ventar på å bli busett i ein kommune.

Barne likestillings og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) har oppmoda spesielt dei små kommunane om å ta imot fleire.

Men i Finnøy var det nettopp Frp, og representant Einar Egeland, som røysta nei. Han er ikkje einig i Frp sin politikk nasjonalt.

– Eg synst Frp sentralt skulle hatt ein dialog med oss småkommunar først. Eg erkjenner at me har ei oppgåve å busetja flyktningar, men dette bør større kommunar ta seg av.

– Me kunne tatt imot 50 eller 100 flyktningar, kontrar Lars Martin Hetland frå KrF.

Høyre og Fremskrittspartivelgere støtter ikke regjeringens plan om å bosette flere flyktninger i kommunene, viser en meningsmåling utført for NRK. En av kommunene som må ta stilling til bosetting, er Finnøy i Rogaland. Åtte mennesker med endelig opphold, venter på svar om de får flytte til Finnøy.

ARKIV, 21.04.2014: Sjå Dagsrevyen-reportasjen frå Finnøy før avgjerda i kommunestyremøte.