Hopp til innhold

Finnfast er opna

På tomatøya Finnøy blei ikkje snora klypt, men skore over med ein tomatkniv.

Finnfast opna

Jorunn Strand Vestbø, tidlegare ordførar på Finnøy, fylkesordførar Tom Tvedt og noverande ordførar Kjell Nes.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

Små og store har møtt opp for å få med seg Finnfast-festen i dag. Innbyggjarane på Talgje og Finnøy kan etter lang ventetid no kjøra til fastlandet.

Tomatkniv gjorde susen

Med ein tomatkniv skar samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa over snora med ein tomatkniv, klokka 11.44 på Ladstein ferjekai.

- Eg trur me skal leita lenge etter eit samband som blir opna med tomatkniv, men her held dei på særmerkja sine, sa Meltveit Kleppa like før ho erklærte tunnelen for opna.

- Dette er verkeleg verdt ein fest

Ho gratulerte alle på Talgje, Finnøy og i heile Rogaland.

- Å korleis eg unner den enkelte av de som håpar på ei ny og tryggare framtid, å oppleva akkurat dette. Ikkje minst så gjeld det ungdommen. Til de som går i barnehage på Finnøy, og de som går på skule, tenk at medan dei fleste før har måtta flytta på hybel for å få utdanning så kan mange av de bu mykje lenger heime, sa Meltveit Kleppa i talen.

I dag kan folk kjøre gratis gjennom tunnelen, og på Hanasand stod eit tredvetals bilar klar til å kjøra gjennom omlag ein time før opning.

Les og: Fikk prøvegå Finnfast-tunnelen