Hopp til innhold

Spent på mottakinga i Haugesund

For eit år sidan var han på filmsettet i Afrika – nå er Jacob Oftebro i Haugesund for premieren på Gullkysten.

Jacob Oftebro

Oftebro gjekk ned heile 18 kilo for å kle rolla, men forsikrar at han er tilbake i fin form.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det er ganske stort å stå her nå, seier skodespelar Jacob Oftebro.

Han er i Haugesund i samband med premieren på filmen Gullkysten. For eit år sidan var han i Ghana og gjorde opptaka.

– Det er rørande å vera på det som er Noregs største filmfestival, og få visa Gullkysten for eit norsk publikum.

– Vakkert om eit mørkt kapittel

– Det er ein kompleks film og ein spanande historie. Annleis og vakker og tøff, seier Oftebro.

– Filmen er dansk, du er norsk og snakkar dansk på skjermen, korleis gjekk det?

– Det gjekk kjempefint og var veldig gøy. Eg er stolt av filmen. Han har gått bra i Danmark, og har skapa blest og debatt.

Filmen går 180 år tilbake i tid, og tek opp temaet dansk slavehandel frå dansk Guinea.

Begeistra publikumsjury

– Det heile er veldig spanande. Eg får sjå veldig mykje bra film, og så får eg høve til å diskutera desse med andre filminteresserte, seier Jorunn Bjørndal Lilleland, leiar for publikumsjuryen under festivalen.

– Du skulle ikkje heller vore ute i sola og kost deg?

Filmfestival

Publikumsjuryen: (F.V.) Jostein Vestbø, Liv Frøkedal Bakke, Nina Sele, Jorunn Bjørndal Lilleland, Nils Rune Hansson

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Jo, det er jo litt trist at nå når sola endeleg kjem fram så sit me inne i mørket, men eg synst likevel at det er verdt det.

Fekk endeleg vera med

– Eg synst dette er heilt utruleg flott. Eg er pensjonist nå, så denne gongen kunne eg ta meg tida til å sjå meir film på få dagar enn eg nesten har gjort i heila mitt liv. I alle fall på så kort tid!

Jostein Vestbø er også med i publikumsjuryen, og kan ikkje tenka seg eit betre oppdrag.

– Tidlegare har eg sett på dette frå sidelinja og tenkt at det hadde vore så kjekt å vera med. Og denne gongen så fekk eg det. Det er nett som å få reisa verda rundt med filmane!