Hopp til innhold

Vant cupen i Belgia på laurdag – signerte for FKH i dag

FK Haugesund presenterte i kveld utanlandsproff Geir Ludvig Fevang, som si siste forsterking i spelarstallen. Laurdag vant han cupen med belgiske Lokeren.

Geir Ludvig Fevang

Geir Ludvig Fevang prøver på Haugesund sine kvite drakter for første gong.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Fevang har gått til Haugesund frå den belgiske fotballklubben Lokeren.

– Kvifor går du til vesle Haugesund?

– Det kjennest ikkje slik ut for meg. Dette er ein klubb som har etablert seg i toppsjiktet av norsk fotball, seier Fevang til NRK.no.

– Gode spelarar i alle posisjonar

Han legg til at det var mange faktorar som gjorde at han og sambuaren nå ville tilbake til Norge.

På laurdag kom Fevang ut på banen for Lokeren i cupfinalen, der slo dei Kortrijk 1–0. Men sjølv om han er cupmeister i Belgia ser han det ikkje som ei lett oppgåve å kjempa seg inn på FKH-laget.

– Etter det eg såg frå kampen på sundag verkar dette som eit samspelt lag med gode spelarar i alle posisjonar, seier han.

Han legg likevel til at han trur han er ein spelar som passar bra inn i Haugesund sin offensive stil.

– Tar med seg vinnarerfaring

Tidlegare har Fevang spelt for Start frå 2006 til 2010, og for Sandefjord frå til 1998 til 2005.

Det var ein lang og tung prosess å få Fevang til Haugesund, seier sportsleg leiar i Asbjørn Helgeland.

– Me ville ha han til sesongstart, men det gjekk ikkje. Men i mellomtida har han jo blitt cupmeister, det kan bli gull verd for oss om han tar med seg litt vinnarerfaring til klubben, seier Helgeland.