Hopp til innhold

Festen er i gang – men kven vil folk heia på?

I kveld er det duka for historisk lokaloppgjer i Sandnes. Gågata er allereie prega av fotballsupporterar, men ikkje alle er heilt sikre på kven dei skal halda med.

Video Festen er allereie i gang

VIDEO: Viking-supporter, Jorunn Fosse, har registrert mange som har bytta farge før dagens oppgjer.

Me sees på stadion!

'Me sees på stadion!' står det skrive på ein bannar over Langgata i Sandnes. For først gong skal byen vera vert for ein eliteseriekamp.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Fotballfeberen har spreidd seg i Langgata i Sandnes. Allereie tidleg på føremiddagen er gata prega av lyseblå og mørkeblå fargar.

– Nå skal me pynta til litt, så skal me gå i tog opp til stadion klokka seks, seier Jorunn Fosse, som høyrer til dei mørkeblå Viking supporterane på puben Madam Aase.

Valets kval

Klokka sju i kveld brakar det laus. Sandnes Ulf tar imot byrival Viking i den første eliteseriekampen sin nokon sinne, og alle billettane er for lengst rivne vekk.

Men ikkje alle supporterane har det like lett før oppgjeret. For mange blir valet om kven dei skal heia på det vanskelegaste.

Sandnes Ulf som er heilt utan røter i den øvste divisjonen, har nemleg fleire Viking-supporterar.

Sandnes Ulf sitt opptog i Langgata

Klokka halv seks marsjerte Sandnes Ulf sine supporterar til stadion.

Foto: Otto Voldsund / NRK

– Du skifter ikkje drakt

Kim Stokka og Stian Årdal er begge frå Sandnes, men sit begge på Melkebaren og syng Viking-songar før kampen.

– Eg har alltid heia på Viking, slik er det berre. Eg håper sjølvsagt at Sandnes gjer det bra i resten av sesongen, men i dag er det Viking som gjeld, seier Stokka.

– Du skifter ikkje drakt, det ville vore like gale som å skifta ut ungane sine, seier Årdal samtykkjande.

Begge understrekar at det berre rår god stemning mellom dei to supportergruppene, sjølv om det har vore eit par aksjonar i forkant av kampen i dag.

Kim Stokka og Stian Årdal

Kim Stokka til venstre og Stian Aardal er frå Sandnes, men er vikingsupporterar.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Mange har skifta farge

Jan Kåre Sørensen jobbar på grasmatta til Sandnes Ulf. I alle år har han vore Viking-supporter.

– Sjølv om eg er Viking-supporter, er eg forplikta til å halda med Sandnes Ulf i kveld, seier han til NRK.no.

– Har du bytta lag?

– Ja, du kan vel sei det sånn.

Hos Viking-supporterane på Madam Aase har dei registrert at Ulf har gått dei litt i næringa.

– Eg veit at mange har skifta farge, men eg veit også at det er mange som tvilar. I dag er nok mange lyseblå, men ikkje om du høyrer til Hordene, seier Fosse.

Ein fot i kvar leir

Egil Rovik er tidlegare banemeister i Sandnes, og jobbar nå på dugnad for den nyopprykka klubben. Han har likevel sesongkort hos Viking.

– Eg har ein fot i kvar leir, er ikkje det greitt?

– Håper du altså på uavgjort?

– Nja ... sidan det er på den gamle banen min håper eg vel på ein Sandnes-siger. Så får Viking ta det att ein annan plass, seier Rovik.

Så vil det visa seg om det er lyseblått eller mørkeblått som blir fargen som går sigrande ut frå Sandnes stadion i dag.