Fest i Rennesøy

Bløtkake, fyrverkeri, talar og folkefest. Rennesøybuen markerar i dag at bompengetida i Rennfast er slutt.

Bomstasjonen i Rennfast på Sokn
Foto: NRK

Dette er ein merkedag for rennesøybuen, seier ordførar Jostein Eiane. Dagen er også ei markering av sjølve bygginga av Rennfast som har gjordt Rennesøy landfast.

- Vi har gleda oss til dette lenge, seier Eiane.

Festen er i Mastrahallen som er det største lokalet i kommunen. Der skal det dekkast langbord.

Rennfast vart opna i 1992 og 14 år etter, 28. juli i år var dei undersjøiske tunnellane nedbetalte.