Hopp til innhold

Forskarar: – Norsk landbruk blir vengeklipt med Eat-dietten

Konsekvensane for norsk landbruk vil vera dramatiske ved å følgja Eat-dietten til Gundhild Stordalen, slår ein rapport fast. Fleire husdyrslag blir historie.

Gunhild Stordalen tok imot prisen i New York natt til torsdag norsk tid.

Gunhild Stordalen blei heidra med pris på «Global Leadership Awards» i New York natt til 21. november. Nå viser ein rapport frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) at kosthaldsråda i Eat-dietten vil få store konsekvensar for norsk landbruk.

Foto: Lars Os / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Heile landbruket blir rasert, seier geitebonde Halvard Veen i Bjerkreim i Rogaland.

Han har nettopp lese hovudpunkta til forskarar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås.

Dei har sett på kva følgjer Eat (sjå faktaboks) sine omstridde kosthaldsråd vil få for norsk landbruk i år 2050.

Konklusjonen er mellom anna:

  • 2/3 av Noregs grasareal blir liggande brakk.
  • Ein reduksjon på mellom 70–100 prosent av Noregs grisar, kyr, geiter og sauer.
  • Gjengroing som følgje at dette vil ha sterk innverka på Noregs biologiske mangfald.

Kjelde: Rapporten "Klimatiltak i landbruket- en utredning om modeller, karbonlagring og bærekraftig matproduksjon" frå NMBU.

– Kort sagt vil kosthaldsråda til Eat ha dramatisk negativ verknad på norsk landbruk, seier professor emeritus i husdyrnæring, Odd Magne Harstad, som er ein av forskarane bak rapporten til NMBU.

– Kva er dei mest dramatiske konsekvensane?

– Matproduksjonen i Noreg vil gå dramatisk ned. Det betyr at me må importera meir mat. Dermed legg me beslag på store areal i utlandet. Det betyr at mattryggleiken er vesentleg svekka, seier professoren.

Odd Magne Harstad, NMBU

– Eat-kosthald vil gjera oss meir avhengige av matimport, seier professor emeritus, Odd Magne Harstad.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

– Dramatisk innverknad

Hovudbodskapen til Eat og er at mjølk- og kjøtprodukt heilt eller delvis skal erstattast med vegetabilske varer.

Med andre ord skal me eta mindre av matvarene me har naturgrunnlag for å produsera i Noreg og meir av matvarer me ikkje kan produsera, ifølge rapporten til forskarane.

Eat-grunnleggar Gunhild Stordalen fekk nyleg ein internasjonal pris for sitt arbeid med å forvandla det globale matsystemet.

– I Noreg produserer me veldig mykje gras, og gras kan som kjent berre brukast til å produsera mjølk og kjøt. Derfor vil kosthaldsråda ha dramatisk innverknad på matproduksjonen, ifølge professor Harstad.

Norsk landbruk vil likevel overleva Eat-mat på norske tallerkenar, ifølge forskarane.

– Men landbruket vil vera veldig vengeklipt. I store område i landet, der grasproduksjon dominerer, vil landbruket gå ut av drift.

Halvard Veen

– For mange av dei som driv med kosthaldsråd har ikkje vore ute i praktisk arbeid og veit ikkje kva dei snakkar om, meiner geitebonde Halvard Veen i Bjerkreim.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Verknad av Eat-scenario på norske husdyr

Dyreslag

Tal i 2019

Prosent reduksjon i 2050

Mjølkekyr

220.000

- 70

Ammekyr

90.000

- 100

Vinterfôra sauer

1,1 mill

- 93

Mjølkegeiter

34.000

- 100

Purker

90.000

- 80

Gundhild Stordalen: – Må tilpassast lokalt

Eat-grunnleggar Gunhild Stordalen opplyser at EAT-Lancet-rapporten presenterer globale miljømessige grenser for matproduksjon og kosthaldstilrådingar som tar vare på befolkninga si helse.

– Som me tidlegare har understreka, må tilrådingane tilpassast lokale ressursar, kultur og produksjonsgrunnlag. For Noreg står denne jobben att.

Ho legg til at det derfor ikkje blir rett for ho å gå inn i ein detaljert debatt om eventuelle konsekvensar kosthaldsråda vil få for norsk landbruk.

ARKIV: Gunhild Stordalen om meir plantebasert kosthald.

– Mjølkegeita blir historie

Mjølkegeita og ammekua er blant husdyra som blir heilt vekke i år 2050 i eit tenkt Eat-scenario, ifølge forskingsrapporten.

Halvard Veen i Bjerkreim har vore geitebonde i 40 år, og har nå gitt over livsverket til neste generasjon. Dei satsar på nytt geitefjøs for dei 200 geitene på garden.

Veen har liten trur på at geitedrift blir historie her i landet.

– Eg trur at geit og sau er framtidsretta fordi dei et av det naturen produserer. Og så bind gras CO₂. Dersom det ikkje skal gå dyr her, korleis trur du det vil sjå ut då? spør han.

Geit

Geiter går tilbake 100 prosent og blir historie i år 2050 med Gunhild Stordalen sine kosthaldsråd.

Foto: Magnus Stokka / NRK