Ferje grunnstøytte

Politiet har oppretta ei undersøkingssak etter at ferja «Foldøy» grunnstøytte utanfor Halsnøy i 21.30-tida i går. Ingen personar kom til skade i grunnstøytinga. Politiet har vore i kontakt med mannskapet på båten, og har ingen mistanke om promille.