Hopp til innhold

Ferdig som Kvitsøy-ordførar

Etter 10 år som ordførar på Kvisøy vil ikkje Ole Olsen stilla til attval.

Ole Olsen

Kristeleg Folkeparti-politikaren Ole Olsen gir seg nå.

Foto: Arild Eskeland

Til hausten vil den nåverande Kvitsøy-ordføraren gå inn i fullt arbeid i trevarefabrikken sin, for å selja vindauge og dører.

Trevarefabrikken driv saman med bror sin, i tillegg er han medeigar i fire andre føretak som han vil bruka meir tid på.

– Eg følte at tida var inne for å gi seg nå, fire år er ein lang periode å gå inn for, eg har trass alt ein familie oppi dette, seier Olsen til NRK.no.

Han har vore varaordførar i 2 år og ordførar i ti. I eit presseskriv rosar han familien som har vore tolmodige med han i alle åra der han nesten har vore heimanfrå nesten kvar kveld.

Likevel seier at han kjem til å sakna tida som ordførar:

– Men eg har vore med så lenge nå at dei skal sleppa å bera meg ut, seier Olsen spøkjefullt.