Hopp til innhold

Endeleg ferdig med gigantisk gåve: – Ein takk til Noreg

I fjor starta Malk Sultan Al-jabiri på eit heilt spesielt prosjekt. Ei gåve til landet og folket som tok imot han då livet var vanskeleg. Denne veka blei gåva ferdig.

seks meter høgt riksvåpen

Må bruka heisekrane: Her kjem riksvåpenet ferdig måla og klar for ny plassering. Riksvåpenet er seks meter høgt, og veg fleire hundre kilo.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Eg er veldig nøgd, seier Malk Sultan Al-jabiri, mens han kikkar på det ferdige resultatet.

Eit seks meter høgt riksvåpen. Bit for bit har Al-jabiri sveisa samen kunstverket.

– Dette er ein takk til landet som tok imot meg. No kan barna mine og eg leve eit ordentleg liv, seier den travle åleinepappaen.

Kunstverket har han laga på fritida, når han ikkje er aktiv på fotballbanen som fotballtrenar.

Inspeksjon

STOLT: – Tenk at eg har laga dette. Eg er stolt og glad, seier Malk Sultan Al-jabiri etter ein inspeksjonsrunde.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Sveisaren kjem eigentleg frå Jemen, men flykta frå landet då det braut ut borgarkrig for kring ti år sidan.

LES OGSÅ: Laget gigantisk riksvåpen for å takke Norge

Familien til Al-jabiri vart hardt råka av krigen, og alt familien hadde i Jemen vart bomba og øydelagt. Også der Al-jabiri lærte å sveisa.

– Pappa var sveisar. Han hadde butikk og verkstad i Jemen, og frå eg var sju år var eg med han på jobb.

Leitar etter plassering

Riksvåpenet står no plassert i Sandnes. Kor det skal stå i framtida, er enno usikkert.

Nyleg vitja varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli, hamna der verket står akkurat no.

Pål Morten Borgli

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli, er imponert over kva Malk Sultan Al-jabiri har fått til.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Dette kunstverket er formidabelt, og eg har aldri opplevd at nokon har gjort dette før. Det er heilt spesielt, seier varaordføraren.

Borgli har alt tatt eit par telefonar til kollegaer på Stortinget for å høyra med dei kor riksvåpenet kan stå.

– No skal me sjekka ut kor me kan plassera det. Om det blir i Sandnes, eller ein annan stad, seier han.

Riksvåpen

Malk Sultan Al-jabiri har jobba i over eit halvt år for å få gåva ferdig.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Fredag skal Borgli snakke med partileiar Siv Jensen (Frp) for å legga ein plan om kva dei kan gjera.

Om ikkje politikarane blir samde om kor gåva skal stå, har Al-jabiri har ein draum om at kongen skal få bestemma.

– Kongen er jo sjef, og det hadde vore kult om han vil ta imot gåva og sette det ein stad flest mogleg får sjå det.

Sjå korleis Riksvåpenet vart laga her: